Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Harald Ulrik Sverdrup mellom utstyr og proviant før Nautilus-toktet i 1931. (Foto: Billedsamlingene, UiB/W. Giertsens Skibshandel)

Slik vart Sverdrup ein vitskapleg måleeining

Harald Ulrik Sverdrup vart ikkje ein like berømt polfarar som kollegaene Nansen og Amundsen, men det var han som fekk naturvitskapleg stjernestatus med ei måleeining i sitt namn. I Nature Physics fortel Tor Eldevik og Peter M. Haugan historia om éin sverdrup. 

Body

I 1961 var den kanadiske oseanografen Maxwell Dunbar blant eit knippe ulike forskingsmiljø som diskuterte å stenge Beringstredet med ein demning. Han var lei av å beskrive havstraumanes rørsler i millionvis av kubikkmeter, og foreslo: 

– Lat oss til dømes seie, for argumentets skuld, at tilsiget gjennom Beringstredet er éin sverdrup.

Kvifor namnet Sverdrup? Og kvifor skulle ein i det heile teke legge ein demning mellom Sibir og Alaska?

Ein sverdrup er omtrent fem Amazonas

Sverdrup på Den norsk-svenske Svalbardekspedisjonen i 1934. (Foto: Billedsamlingen, UiB/Ukjent)
Sverdrup på Den norsk-svenske Svalbardekspedisjonen i 1934. (Foto: Billedsamlingen, UiB/Ukjent)

Harald Ulrik Sverdrup er ikkje nødvendigvis blant dei som er fremst i folks minne når det gjeld norsk polarhistorie, men det skal ikkje stå på hans meritter som havforskar.

Det verken Amundsen eller Nansen, eller nokre av dei andre i norsk polarhistorie, har til felles med Harald U. Sverdrup er æra av å få ein måleenhet oppkalla etter seg – i dette tilfellet volumet for vatn si rørsle i havstraumar. Éin sverdrup er éin million kubikkmeter vatn per sekund, eit tal så stort at det kan vere vanskeleg å sjå for seg.

– Éin million kubikkmeter vatn per sekund er omtrent fem gongar det som blir flytta av verdas største elv, Amazonas, fortel professor Tor Eldevik, instituttleiar ved Geofysisk institutt og forskar ved Bjerknessenteret, i april-utgåva av Nature Physics.

Saman med professor Peter Mosby Haugan ved Havforskingsinstituttet og Geofysisk institutt skriv han om Sverdrup, mannen og eininga – og ikkje minst den storslåtte planen som er årsak til at eininga vart til. 

Astronomaspiranten som laga havforskingsbibel 

Målet til Sverdrup var eigentleg astronomi, men han vart leia over i meteorologien – og etter kvart også havforskinga – av sin mentor, professor Vilhelm Bjerknes. Med ein fersk doktorgrad i lomma frå Leipzig vart han vitskapleg leiar for Roald Amundsen sin Maud-ekspedisjon i 1918, og i 1926 etterfølgde han Bjerknes som professor ved Geofysisk institutt ved UiB.

Struktur og styrke (i sverdup; Sv) på den subpolar og subtropiske gyren i Nord-Atlanteren (ill: Helge Drange m.fl., UiB/Bjerknessenteret)
Struktur og styrke (i sverdup; Sv) på den subpolar og subtropiske gyren i Nord-Atlanteren (ill: Helge Drange m.fl., UiB/Bjerknessenteret)

– I dag er han nok best kjent for å ha forklart gyresirkulasjonen – havstraumane som spenner over verdenshava mellom kontinenta, skriv Eldevik og Haugan. 

– Styrken til gyrane, som kan observerast frå verdsrommet, følgjer direkte frå passatvindane. Sverdrup samla dermed, i éin teori, dei to naturgjevne forholda for dei historiske handelsrutene mellom kontinenta.

Dei fem store havgyrene, vist forenkla – den nordatlantiske, søratlantiske, nordlige stillehavs, sørlige stillehavs og det indiske havs. (Illustrasjon: Bjerknessenteret)
Dei fem store havgyrene, vist forenkla – den nordatlantiske, søratlantiske, nordlige stillehavs, sørlige stillehavs og det indiske havs. (Illustrasjon: Bjerknessenteret)

I 1931 var Sverdrup med på «en av tidenes minst vellykkede ekspedisjoner». Med ubåten Nautilus var planen å segle under isen i Polhavet. Nautilus viste seg heldigvis ueigna før ein kom så langt, og endte til slutt på botnen av Byfjorden – men ikkje utan at Sverdrup fekk gode data på vegen. Nokre år etter vart han kalla til å bli direktør for Scripps Institution of  Oceanography i San Diego, USA – der han blant anna støtta dei allierte under andre verdskrig, med sin kunnskap om tidevatnet. 

Scripps er i dag verdsleiande innafor havforsking, i vesentleg grad i arv frå Sverdrup si tid som direktør. Medan han var på Scripps skreiv han det som har blitt kalla havforskingas «bibel», The Oceans: Their Physics, Chemistry and General Biology, saman med Martin W. Johnson og Richard H. Fleming. Eldevik og Haugan skriv:

– The Oceans konkluderte realiseringa av oseanografi som ein moderne vitskap, frå ein revolusjon i teori, observasjonsprosedyrer og analyser i første halvdel av 1900-talet.

Harald Ulrik Sverdrup. (Foto: S. Blom, Den Kongelige Norske St. Olavs Orden, A. M. Hanches Forlag)
Harald Ulrik Sverdrup. (Foto: S. Blom, Den Kongelige Norske St. Olavs Orden, A. M. Hanches Forlag)

Etter krigen vart Sverdrup kalla attende til Noreg for å bygge opp Norsk Polarinstitutt, og professor på UiO. Her satt han og varige spor, ikkje minst gjennom Sverdrup-planen som sørga for ei storstilt oppbygging av universiteta utover 60-talet. Han døydde i 1957, 69 år gamal.

Klimafiksing då og no

På 50- og 60-talet diskuterte både sovjetiske og nordamerikanske vitskapsfolk å demme opp Beringstredet for kaldt stillehavsvatn, for å late Nordishavet bli dominert av varmare vatn frå Atlanterhavet. Målet? Å gjere Arktis, både på kanadisk og russisk side, varmare og meir bebueleg.

Store grep som dette, såkalla «geoengineering» eller «klimafiksing», endringar av klimasystemet på større skala, har blitt diskutert i mange omgangar, både før og etter 60-talet. I 2009 skreiv Royal Society om ei rekkje av desse i ein rapport – omtala av NRK Klima som «teknologien verden helst vil unngå». 

Nemnde kanadiar Maxwell Dunbar foreslo altså i ei bisetning at «ei ny eining for vatntransport» burde bli danna. Han gjentok forslaget på ei havforskarkonferanse, også i 1962, som eit svar til UiB-professor Håkon Mosby (Peter Mosby Haugans bestefar), og termen slo snøgt rot i det vitskaplege miljøet. Beringstred-demninga vart derimot lagt på is:

– Planane om demninga vart forkasta, grunna alle usikkerheitene knytt til klima og økosystem-manipulering på kontinent-skala, skriv Eldevik og Haugan.

For nokre år sidan gjenoppstod ideen om å demme Beringstredet, men då med motsatt forteikn.

– Denne gongen er argumentet det motsette: at ein demning vil hjelpe med å bevare isen i Arktis. Om noko beviser det konklusjonen frå 60 år sidan at implikasjonane av klimafiksing er usikre, avslutter Eldevik og Haugan.

Referanser

  • Sverdrup, H.U., M.W. Johnson, and R.H. Fleming, 1942: The Oceans, Their Physics, Chemistry, and General Biology. New York, Prentice-Hall.
  • Dunbar, M.J., 1962: The Living Resources of Northern Canada. Canadian Population and Northern Colonization, Roy. Soc. Can. Symposium, 1961 (V.W. Bladen, Ed.), 125–135, University of Toronto Press.
  • Vowinckel, E., 1963: Discussion. Proceedings of the Arctic Basin Symposium October 1962, 84–85, The Arctic Institute of Northern America, Tidewater Publishing Corp.
  • Pickard, G.L., 1964: Descriptive Physical Oceanography: An Introduction. Pergamon Press.
  • Eldevik, T., Haugan, P.M., 2020. That’s a lot of water. Nat. Phys. 16, 496 (2020). https://doi.org/10.1038/s41567-020-0866-0