Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Isbremmene i Antarktis utgjør en flytende buffer som hindrer innlandsisen i å sige ut i havet. Bildet viser Ekströmisen, en isbrem som ligger i Dronning Maud Land. (Foto: NORCE)

Kor snøgt smeltar Sørpolisen?

Vi skal granske FN-tala om hav og is gjennom prosjektet TiPACCs.

Body

25. september veka la FNs klimapanel fram sin siste rapport om hav og is. Panelet varslar der om stor havnivåauking blant anna på grunn av meir issmelting på Sørpolkontinentet (Antarktis), men kunnskapen om kva som vil skje med isen på Sørpolen er mangelfull. Tala i rapporten er usikre, og meir forsking må til. 
 
Denne forskinga startar vi no opp gjennom eit nytt stort EU-prosjekt (Horizon 2020) ved namn Tipping Points in Antarctic Climate Components (TiPACCs). I prosjektet skal det sjekkast ut om det finst vippepunkt («Tipping Point») i det antarktiske klimasystemet, punkt der akselerasjonen på temperaturen i havet aukar. Slike vippepunkt kan føre til hurtig og uventa auka smelting av isen.

– Vårt overordna mål er å vurdere sannsynet for store og brå endringar i bidraget frå Antarktis-isen til det globale havnivået i næraste framtid, forårsaka av vippepunkt i det antarktiske kontinentalsokkelhavet og det antarktiske isdekket, seier Petra Langebroek, forskar ved NORCE og Bjerknessenteret for klimaforskning.

– Vi tilnærmar oss målet ved moderne havsirkulasjons- og isdekkemodellar utvikla og køyrd av nokre av Europa sine beste forskingssenter.
 
NORCE leier arbeidet i TiPACCs-prosjektet, i tett samarbeid med nokre av Europas største forskingsinstitutt og deira fremste ekspertar på hav og is i Antarktis. Store og avanserte datamaskinmodellar skal brukast til å studere kva som skjer med isen på Sørpolen og i havet utanfor slik at FNs klimapanel neste gong kan gi eit meir sikkert varsel om kor mykje havnivået vil stige.
 
Onsdag 2. oktober er det kick-off i Bergen, og i forkant av forskarmøtet inviterer vi til informasjonsmøte for pressa. Hit kjem nokre av nøkkelforskarane frå prosjektet. Det vert korte innleiingar, og tid er sett av til intervju og spørsmål til forskarane.