Den 10. oktober, på Nansens fødselsdag, holdt førsteamanuensis Elin Darelius, ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret, Nansens minneforelesning på Det Norske Videnskaps-Akademi.
– Mest sannsynleg den første – og siste – gong eg held forelesning i gallakjole og høge hælar, seier Darelius om opplevinga.
Foredraget "Fra kaldt til varmt - Norsk oseanografisk forskning i Weddellhavet, Antarktis" er den nylegaste i ein årleg tradisjon, oppretta på 100-årsdagen til Nansen i 1961.
Ho går inn i ei lang rekke prominente foredragshaldarar, som Helge Ingstad, Thor Heyerdahl, Thorvald Stoltenberg, og Håkon Mosby. Alle som gir Nansens minneforelesning får Nansen-medaljen – Darelius er den 55. mottakar av medaljen, men berre den fjerde kvinna.