Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Jostein Bakke

1 results

Breane på Sør-Georgia tek klimapulsen på den sørlege halvkula

Breane på Sør-Georgia tek klimapulsen på den sørlege halvkula Anonymous (ikke bekreftet) man, 04/19/2021 - 18:39 Breane på Sør-Georgia tek klimapulsen på den sørlege halvkula Breane på øya har eksistert uavbrote i 14 000 år – men om den negative trenden held fram, vil dei store tidevassbreane bli landbaserte, stadig nytt land bli frigjort, og fleire brear vil forsvinne heilt. 

Skrive av Jostein Bakke, professor ved Institutt for geovitenskap og Bjerknessenteret, og Øyvind Paasche, seniorforsker og seniorrådgiver ved NORCE og Bjerknessenteret

I tidsskriftet Scientific Reports viser vi korleis breane på Sør-Georgia er i ferd med å smelte ned etter å ha eksistert uavbrote i over 14 000 år. Ved å ta prøvar i innsjøar og ved å datere moreneryggar har vi dokumentert at breane har blitt systematisk mindre fram mot vår eiga tid. Om den negative trenden held fram, vil dei store tidevassbreane bli landbaserte, stadig nytt land bli frigjort, og fleire brear vil forsvinne heilt. 

I samband med Det Internasjonal Polaråret, drog vi i 2008 ned til den forrivne øya i den subantarktiske sona kjent som Sør-Georgia (54°S, 36°W). Øya er omlag 170 km lang og frå to til 40 km brei. Den lengste aksen er orientert nordvest mot søraust, og topografien er dominert av fjordar, brear og fjell.

Den høgaste toppen heiter Mt. Paget (2960 moh.), ein alpin topp som har freista eventyrlystne fjellfolk heilt tilbake til då den britiske oppdagaren Ernest Shackleton (1874-1922) gjorde øya verdskjend for over hundre år sidan. I omlag 30 år var det óg mange nordmenn som var innom øya, i samband med kvalfangst mellom anna i Grytviken.  

Øyvind Paasche (til venstre)  og Jostein Bakke gjer seg klåre til felt. I bakgrunnen ser ein Mt. Paget, det høgste fjellet på Sør-Georgia.
Øyvind Paasche (til venstre)  og Jostein Bakke gjer seg klåre til felt. I bakgrunnen ser ein Mt. Paget, det høgste fjellet på Sør-Georgia. Foto: Bjørn Kvisvik

Dei største breane har feste i dei høge fjella sentralt på øya og har kalvingsfrontar i botnen av fjordane Cumberland West Bay og Cumberland East Bay. Sør-Georgia er omgitt av eit grunt havområde med eit gjennomsnittleg djup på 250 meter.

Øya hamna i verdspressa våren 2021 då satellittbilete viste at det største isflaket nokon gong observert frå Antarktis-isen var nær ved å grunnstøyte på sørsida. Dette kunne hatt store økologiske konsekvensar for talrike sjøfuglar, pingvinar og sel som er avhengig av tilgang til det næringsrike havet kring øya. 

Sør-Georgia ligg rett aust for sørspissen av Sør-Amerika, midt i vestavindsbeltet (50-55°S) som omkransar det Antarktiske kontinent
Sør-Georgia ligg rett aust for sørspissen av Sør-Amerika, midt i vestavindsbeltet (50-55°S) som omkransar det Antarktiske kontinent 

Fordi det er så lite land i den subantarktiske sona, er det ekstra verdfullt å rekonstruere klimaet på Sør-Georgia. Øya ligg midt i vestavindsbeltet (50-55°S) som omkransar det antarktiske kontinent – eit system som kontrollerer både nedbørsfordeling og temperatur i heile regionen.

Styrken på dette vindfeltet påverkar sjøisutbreiing, havsirkulasjon og CO2-opptak i heile Sørishavet. Målet for studien vår var å nytte breane på Sør-Georgia som ei pulsklokke på dette vindsystemet, då tilstanden til breane er kopla til både endringar i temperatur og nedbør.  

Med detaljerte analyser av bergmjøl produsert av eroderande brear avsett i innsjøar, kombinert med ei rekkje dateringsprøvar av morenar framfor tre ulike brear, har me sett saman ei heilskapleg historie som dokumenterer korleis breane på øya har endra seg, og korleis tilbaketrekkinga og framstøyt kan koplast til klima. 

Det viser seg at det er særleg endringar i solinnstrålinga som forklarer kvifor breane har trekt seg systematisk tilbake gjennom dei siste 14 000 åra. Etter at den globale oppvarminga har gjort seg gjeldande er det oppsiktsvekkande at det aldri før, i den lange historia vi har rekonstruert, har skjedd endringar så fort som dei siste 40 åra.  

Ei mogleg forklaring på dei gjentatte breframstøyta finn ein i variasjonar til vestavindsbeltet, nettopp fordi det regulerer både lokal temperatur og nedbør. Endringar i vindsystemet som strekkjer seg over fleire tiår vil være nok til at massebalansen til breane rekk å gå i pluss slik at dei igjen kan rykke frem. Lokaltopografiske forhold kan også forsterke eller svekke effekten av slike svingingar i dette gigantiske klimasystem. 

At somme av breane no smeltar, slik tilfelle er med ein av dei me har jobba inngåande med, er ei klar åtvaring om at landskapet er i rask endring. Om fleire brear forsvinn vil dette kunne få store konsekvensar for økosystem både på land, i fjordane og langs kysten. 

Mykje tyder på at denne trenden ikkje vil snu no som effekten av globale oppvarminga verkeleg festar grepet i Antarktis. Ser ein desse dramatiske endringa av fjell og landskap på Sør-Georgia i eit lengre perspektiv, er det alarmerande at dei naturlege klimasvingingane vi har rekonstruert, og som har balansert breane sin plass i landskapet, ikkje lenger er det som rår.