Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

FGP

1 results

Forsker Grand Prix – for tiande gong

Forsker Grand Prix – for tiande gong andreasopsvik tor, 09/17/2020 - 15:11 Forsker Grand Prix – for tiande gong Eitt tiår med forskingsformidling i Hans Roslings ånd.

Forsker Grand Prix er ei konkurranse der forskarar skal forklare forskningsprosjekta sine på fire minutt. Målet er å engasjere og fenge publikum og dommarar, men sjølvsagt også at deltakarane skal få strekke på formidlingsmusklane sine.

Frå Bergen stiller ni unge forskarar som dei siste månadane har bragt kunnskap til bords for å øve seg i å overbevise om at nettopp deira prosjekt er det mest spennande. Éin av desse er Ragnhild Gya:

– Eg undersøker både korleis varme påverkar fjellplantene direkte, men også korleis plantene påverkar kvarandre når det blir varmare.

Ragnhild er doktorgradsstipendiat ved Institutt for biologi og Bjerknessenteret for klimaforskning. Prosjektet hennar er ein del av eit større forskingsfelt, som tek for seg korleis framtidige klimaendringar fører til endringar i floraen i fjella våre.

– Blant anna veit vi at når det blir varmare, så kan andre planter flytte seg oppover i fjellet. 

Vi veit enno lite om korleis fjellplanter reagerar på desse nye naboane sine. I forskinga mi har eg difor flytta planter opp, og følgjer med på korleis det går med fjellplantene når dei får nye naboar.

Ruten til venstre har fått potensielt kjipe nye naboer (blåknapp, bleikstarr og firkantperikum) som er godt synlige mot den lave alpine vegetasjonen. Ruten til høyre derimot har fått nye naboer) med en vekstform som ligner fjellplantene (engfiol, bråtestarr og legeveronika. (Foto: Ragnhild Gya)
Ruten til venstre har fått potensielt kjipe nye naboer (blåknapp, bleikstarr og firkantperikum) som er godt synlige mot den lave alpine vegetasjonen. Ruten til høyre derimot har fått nye naboer) med en vekstform som ligner fjellplantene (engfiol, bråtestarr og legeveronika. (Foto: Ragnhild Gya)

Ragnhild, Fiona, Berit og Veronika – i Rosling si ånd

Formidlarar som Hans Rosling er førebilete for Forsker Grand Prix-gjengen, statistikaren velkjend for sine engasjerande og rekvisittfylte foredrag. Ragnhild har også med seg forskingsobjekta sine som hjelparar på scena:

– Eg skal ha med meg to låglandsplanter – fiolen Fiona og blåknappen Berit – og éi fjellplante, fjellveronikaen Veronika.

Ho tek også med seg noko av utstyret dei har med seg i felt.

Forsker Grand Prix er opphavleg ei dansk oppfinning, og har spreidd seg til alle dei skandinaviske landa. Bergen hadde den første norske konkurransa i 2010, og det er no seks norske byar som har kvar sine delfinalar. 

Sidan 2011 har dei til slutt endt i ein nasjonal finale, støtta av Norges forskningsråd – i år i Trondheim den 26. september.

Feltbiologane studerar følgjene av klimaendringar på fjellplanter.

Scenevant med forskinga som base

Ragnhild er spent på sceneopptredenen sin. Med ei lektorutdanning i botnen før ho starta på doktorgraden i biologi er formidlingsdelen av faget eit viktig element for ho:

– Det er ingenting som er så gøy som å få lov til å vidareføre gleda og interessa eg har for biologi til nokon andre, seier Ragnhild.

Ho har kverna på ideen til foredraget på felt i sumar, og med oppfølgjing frå coachar den siste tida er ho klar for scena den 23. september. Målet er til slutt å kunne bruke forskinga til å begrense spreiinga av artar som er skadelege:

– På denne måten håper eg at forskinga mi kan bidra til både kunnskapsbygging, ved å forstå kva som hender med klimaendringane, og til forvaltning av fjellplanter.