Understanding climate
for the benefit of society

Klimaeffekten av vulkanutbrot

Vulkanar har alltid vore ein viktig del av jorda sitt landskap og klima. Utbrotet på Eyjafjallajökull dei siste dagane syner kreftene som er i sving; fjell vert lagt flate, nye vert forma, brear smeltar over natta. Eksplosive eller langvarige vulkanutbrot har også innverknad på vær og klima, og då særleg dei fyrste par åra etter utbrotet.

Body

Av: Odd Helge Otterå, Forskar ved Uni Bjerknessenteret. Også publisert i Aftenposten 20.04.10

Sommaren 1783 starta eit kraftig og langvarig utbrot i den såkalla Laki sprekksona på Island. Utbrotet produserte ei sky av oske og svovelgassar som truleg nådde opp i øvre del av atmosfæren og spreidde seg over store delar av Europa. Utbrotet skygga for sola og gav rekordlåge temperaturar over Europa og Nord-Amerika den påfølgjande vinteren. I 1784, medan han var stasjonert i Paris som diplomat for USA, kunne Benjamin Franklin rapportera at frosten kom tidleg og vinteren var kaldare enn normalt. Det såg dessutan ut til å vere ”ei konstant tåke over Europa og store delar av Nord-Amerika”. Han foreslo at fenomenet kunne skuldast eit vulkanutbrot på Island. Franklin var truleg den fyrste som, i moderne tid, foreslo ein samanheng mellom vulkanutbrot og klima.

Fleire faktorar

Det er fleire faktorar som er avgjerande for klimaeffekten av eit utbrot. Den klart viktigaste faktoren er mengda svovelgassar som når stratosfæren, det vil seia atmosfæren over 10 km høgd. I stratosfæren vert svovelgassane raskt omdanna til små partiklar, såkalla aerosolar. Som små speglar reflekter desse partiklane noko av den innkomande solstrålinga og kjøler såleis ned jordyta.

Det kraftige utbrotet frå vulkanen Mount St. Helens i USA våren 1980 senka den globale temperaturen med omlag ein tidels grad. Det mykje mindre utbrotet frå vulkanen El Chicón i Mexico to år seinare senka derimot global temperatur tre til fem tidels grader. Grunnen til dette er at sistnemnde utbrot hadde eit mykje større utslepp av svovelgassar. Det er difor ikkje nødvendigvis dei kraftigaste og mest eksplosive vulkanutbrota (som gjerne gjev mykje oske) som har størst klimaeffekt.

Verst i tropane

Den geografiske lokaliseringa av utbrotet er også særs viktig for klimaeffekten. Eit utbrot i tropane vil oftast ha ein større og meir langvarig effekt enn eit utbrot på høge breiddegradar. I tropane vil dei vulkanske aerosolane, på grunn av stigande luftmassar, lett og effektivt bli transportert opp i stratosfæren. I tillegg går vindane i den øvre atmosfæren frå ekvator mot polane og vil difor spreia aerosolane over begge halvkulene. På høge breiddegrader er atmosfæresirkulasjonen generelt karakterisert ved fallande og polretta luft. Dei vulkanske aerosolane vil difor ha vanskelegare for å trenge høgt opp i stratosfæren, og vil i hovudsak bli verande nær polen. Klimaverknaden er då oftast regional, ikkje global.

Skulle Katla vakne

Skulle Katla, storebror og nabo til Eyjafjallajökull, få utbrot, kan vi venta oss eit fåtal år med seinka temperatur på våre breiddegrader, men avgrensa påverknad på global skala. For Eyjafjallajökull ventar vi liten effekt på vårt lokale klima, men dette kan endra seg dersom utbrotet vert langvarig. Uansett, klimaeffekten av eit vulkanutbrot forsvinn etter nokre få år.

”Kunstige” vulkanutbrot

Manglande tiltak i internasjonal klimapolitikk har fått forskarar og andre til å diskutere mogelegheita av å nytta såkalla klimamanipulasjon for å stagga den pågåande globale oppvarminga. Eit forslag er å føra svovelgassar til stratosfæren frå fly eller rakettar, og med det simulera verknaden av eit vulkanutbrot. Førebels veit vi lite om mogelege konsekvensar på miljø og klima av eit slikt inngrep. Svovelgassar tilført stratosfæren vil heller ikkje fjerna det som er rota til problemet, nemleg aukande utslepp av menneskeskapte klimagassar. Klimamanipulasjon vil heller ikkje bøta på den pågåande forsuringa av havet.

Det verda treng for å avgrensa menneskeskapt klimaendring er ei internasjonalt forpliktande avtale om kraftige kutt i klimagassutsleppa. Skulle ikkje det skje, kan vi ikkje sjå bort i frå at ”kunstige” vulkanutbrot kan koma på dagsordenen i dei same fora som i dag diskuterer ei ny klimaavtale.