Understanding climate
for the benefit of society

IGLO-prosjektleiar Anne-Katrine Faber lanserte den danske versjonen i april, og arbeider no med bygginga av den norske webportalen.

Nytt prosjekt gir lærarar oppdaterte byggeklossar for Arktis-kunnskap

Anne-Katrine Faber tek danske erfaringar til Noreg for å gi moglegheit til å undervise i den nyaste kunnskapen om klimaet.

Body

Korleis sikre at skuleelevar får oppdatert kunnskap? Som ein del av KLIMAFORSK-prosjektet til Noregs forskingsråd har prosjektleiar Anne-Katrin Faber fått utdelt middel for å utarbeide ein norsk versjon av den danske kunnskapsportalen IGLO.

– Vi opplever at både lærarar og elevar er meget interessert i å leire meir om arktisk klimaforsking. Men vi har erfart at det er ein del utfordringar med å tilpasse kunnskap om til dømes sjøis og isbrear inn i den vanlege realfagsundervisninga, seier Faber.

Gjennom eit pilotprosjekt i regi av EU-prosjektet Ice2Ice, har dei hatt samtalar med lærarar som har gitt uttrykk for manglar ved lærebøkene:

– Nettopp fordi klimaforskninga utviklar seg raskt dei siste åra kan det vere vanskeleg å få overblikk over den nylegaste utviklinga. Derfor har vi utvikla webportalen IGLO. Under overskrifta «IGLO: Bygg din eigen undervisning om Arktis» gir portalen tilgang til kvalitetssjekka tekstar, animasjonar og rekneøvingar om Arktis, spesielt tilpassa realfagsundervisninga på VGS, seier Faber.

– Dialogen med lærarane er essensielt

Men lærarane er ikkje berre med før prosjektet er i gang, ein viktig del av IGLO er også møter undervegs. Lærarar og prosjektet skal samlast i møter og workshops som ein del av oppfølgjinga, for å utvikle portalen vidare og finne ut kva som kan forbetrast.

– Dialogen med lærarane er essensielt for prosjektet. Det er dei som er ekspertane i å undervise norsk ungdom. Og vi håper at samarbeidet vårt kan bidra til at vi saman kan kople kunnskap om arktisk klima oppimot spesifikke fag og læreplanar. Det sikrar at vi skapar ei sterkare kopling mellom klimaforking og realfagsundervisning, seier Faber.

– Vi lanserte den første versjonen av den danske utgåva av IGLO i vår, og har fått utruleg positive tilbakemeldingar. Lærarane er begeistra for å få tilgang til ein plattform der dei kan navigere i kunnskapstilbod om arktisk klima.

Webportalen har som mål å bli eit nasjonalt verktøy for kunnskapsformidling om arktisk klima, og bygge bruer mellom forsking og utdanning.