Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

EastGrip

5 results

EastGRIP – kronprinsens mellomstopp på vegen over Grønland

EastGRIP – kronprinsens mellomstopp på vegen over Grønland andreas fre, 05/27/2022 - 14:02 EastGRIP – kronprinsens mellomstopp på vegen over Grønland Midt i isødet på Grønland ligger forskingsstasjonen EastGRIP. Kva gjer vi eigentleg der?

Korleis fann eigentleg nokon på å studere isen på Grønland for å lære om klimaet? "Det er ei forteljing om sære idear, regnvatn, eventyrlege ekspedisjonar, og frykta for atomkrig," skriv forskar Anne Katrine Faber, om Grønlandsforskinga sin spede start på 50-talet. I dag er det ein sentral stad for mange av våre arktiske prosjekt.

The East Greenland Ice-core Project, eller EastGRIP, er ein base der hovudarbeidet går på å borre iskjerner ut av verdas raskaste isstraum. Dette for å sanke ny viten om korleis isstraumane oppfører seg og bidreg til framtidig havnivåstigning, samt ei god kjelde til kunnskap om fortidsklimaet tilbake til forrige istid.

Få ei 360 graders omvisning på EastGRIP med denne videoen:

Tunnelsystem under isen

Forskarane hentar opp iskjerner dypt nede frå isstraumen. Dette gjer dei ved å grave ut store tunneler under isen. 

Sjølve tunnelsystemet blir laga ved å fresa ut djupe grøftar i isen, deretter blir store ballongar blåse opp før dei blir dekt av snø. Når snøen er fast igjen, blir lufta sloppen ut av ballongen. Ballongane lager nyttige strukturar, ventilasjonsrør blir innstallert og djupe renner må til for å skape eit perfekt miljø for boring.

istunnel
Ballongar, luftekanalar og kablar er på plass. Foto: EastGRIP
lagring av iskjerner
I tunnelen under isen lagrast borekjerner. Foto: EastGRIP

 

Samanheng mellom endringar i Arktis og hurtig smeltande is på Grønland

Gjennom forskingsprosjektet ice2ice frå 2014-2019 har forskarar ved Universitetet i Bergen bidratt til å sikre gode klimaarkiv frå isen på Grønland i form av fleire tusen meter djupe iskjerner. 

I løpet av fire år klarte forskarane å bore seg 2700 meter ned gjennom isen. Det tilsaman gir eit klimaarkiv på over 100 000 år. 

Innelukka i iskjernene frå djupet finnes luftbobler som fortel om lufttemperaturen då isen fall som snø på toppen mange tusen år tilbake i tid. I 2019 fikk også ein legofigur vere med på reisa. Les meir her. 

Korleis blir snø til is?

Kva skjer frå snøen fell på toppen av isen til den blir lagra som is nedover i isbreen? Dette spørsmålet er viktig å ha kontroll på når ein skal bruke iskjerner som eit klimaarkiv. 

Dette spørsmålet er sentralt i SNOWISO-prosjektet som er leia av Hans Christian Steen-Larsen. Saman med kollegaer vil dei samle over fem tusen prøvar frå snøoverflata for å finne koblingar mellom målingane i atmosfæren og klimasignalet i snøen. 

Ein havforskars reise til Grønlandsisen

3. juni 2022 kan du høyre den velrennomerte forskaren Fiamma Straneo halde ope foredrag om koblinga mellom havstraumer og Grønlandsisen. Straneo er ven av det bergenske klima- og havforskingsmiljøet og er tidligare medlem av Bjerknessenterets vitskapelege råd. 

2. juni vert ho utnemd som æresdoktor ved UiB, ope gjesteforelesing er på Vilvite på fredag 3. juni kl. 11. 

Første gang Anne-Katrine Faber dro til Grønland var det som turistguide. Nå forsker hun på hvor Grønlandsisen kommer fra. Her får du hennes istips

Isbreene inneholder verdifull kunnskap om fortidens klima, skriver Anne-Katrine Faber i Bergens Tidende.