Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

H.K.H. Kronprins Haakon (fh.), direktør Tore Furevik og Slovakias president fekk også sjå ein av undervannsgliderane nytta i forsking på Nord-Atlanteren.

Kongeleg visitt til Bjerknessenteret

Dressfaktoren var unormalt høg i Jahnebakken 5 då Slovakias president besøkte senteret, i følgje med H.K.H. Kronprins Haakon. 

Body

I byrjinga av juni var presidenten av Slovakia på statsbesøk til Norge. Onsdag 6. juni gjekk turen til Bergen, til UiB og TV2 i Media City, før delegasjonen med president Andrej Kiska, kronprinsen, og ambassadørar med følgje kom til Bjerknessenteret. 

Det var det slovakiske følgjet som sjølv hadde eit ønske om å besøke senteret under den bergenske delen av statsbesøket.

– Vi hadde besøk i 2014 av en delegasjon politikere med ministre fra Ungarn og Slovakia. Det er svært hyggjeleg at dei kjem att, sjølvsagt, seier Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret. 

Frå dryppsteinar i Borneo til vinterens framtid

Nele Meckler viste fram dryppsteinane som er ein del av forskinga hennar i Borneo. (Foto: Gudrun Sylte, Bjerknessenteret)
Nele Meckler viste fram dryppsteinane som er ein del av forskinga hennar i Borneo. (Foto: Gudrun Sylte, Bjerknessenteret)

Ved Bjerknessenteret fekk dei tilreisande presentert eit vidt spenn av forskinga på huset – Nele Meckler, Asgeir Sorteberg og Hanna Lee haldt korte presentasjonar om førtidige, samtidige og framtidige klima.

Nele Meckler viste korleis tropiske område har reagert på istider, og korleis dei har samla tropiske data som komplementerar målingar frå polare iskjerner som allereie finst.

– Data viser at temperaturen i Borneo sank med 4-5°C på same tid som antarktiske områder sank med 12°C, seier Meckler.

Asgeir Sorteberg, professor i meteorologi, viste korleis klimamodellar viser at vi i framtida kan miste dei lange vintrane som både skianlegg og -tradisjonar i Noreg og Slovakia er bygde på. Ei global auke i gjennomsnittstemperatur på 1°C vil til dømes senke snøsesongen på tre skianlegg i Noreg – Geilo, Kvamskogen ved Bergen og Sognsvann ved Oslo – frå 3-4 månader ned til 2-3 månader.

– Dette er «best case scenario», sa Sorteberg før han sa at ei auke på 3°C, vil redusere skisesongen ned til 2-3 veker, som sjølv med ein og anna kaldare vinter ikkje vil gjere skiturismen leveleg lenger.

Treplanting som klimatiltak?

Hanna Lee snakka om treplanting og karbonfanging som ein måte å redusere global oppvarming på, og trakk linjer frå skogane i Noreg og Slovakia, til trekuttinga i sitt heimland Sør-Korea.

– Når me endrar økosystema endrar me også jordsmonnet, og jordsmonnet inneheld fem gongar så mykje plantekarbon som vegetasjon på global skala, seier Lee, og seier at planting av tre i det som i dag er gras og lyngområde ikkje gjer så store fordelar som det vil gjere andre stader.

Dei tre forskarane og direktøren vart med presidentfølgjet vidare til Austevoll, medan HKH Kronprins Haakon seinare på dagen delte ut Holbergprisen i Universitetets aula.