Understanding climate
for the benefit of society

Folgefonnsenteret snart på plass

Om alt går etter planen vil det nye Folgefonnsenteret i Rosendal stå ferdig i 2016. Jostein Bakke sit i styringsgruppa for prosjektet og ser fram til  byggjestart i løpet av våren 2015.

Body

Av: Robert Graff Bakkevold, praksisstudent UiB


- Arkitektteikningane til arkitektfirmaet b+b vart godtekne i Kvinnherad kommunestyre. Likevel må kaien utbetrast før ein kan byggja. Difor vert det ikkje realistisk å sjå føre seg byggjestart før til våren, fortel professor ved Institutt for geovitskap og Bjerknessenteret Jostein Bakke. Illustrasjon: b+b arkitekter AS.

Bjerknessenteret har over fleire år vore ein aktiv pådrivar og fagleg støttespelar i arbeidet med å ferdigstille draumen om eit vitskap-, formidling- og opplevingssenter knytt til Folgefonna i Hardanger. I 2010 signerte dåverande direktør for Bjerknessenteret, Eystein Jansen, ein samarbeidsavtale med Folgefonnsenteret (Nye Folgefonna Nasjonalpark- og informasjonssenter). Den gongen uttalte Jansen:

«-Folgefonna er ein svært viktig isbre i klimasamanheng, og det å få etablert eit senter for klima- og breforsking i Rosendal er særs interessant for oss, både som forskingsobjekt og som stad for formidling av klimakunnskap. Vi vil på bakgrunn for dette bidra aktivt til å få Folgefonnsenteret realisert så raskt som mogleg.»

Ein strategisk arbeidsplass 

I samarbeidsavtalen forpliktar Bjerknessenteret seg til å nytta senteret aktivt i åra som kjem. Bjerknessenteret vil disponera to kontor til eiga bruk. Den strategiske plasseringa av senteret i mellom fjord og fonn under Folgefonna gjer det til ein attraktiv møteplass for alle klimaforskarar, meiner Bakke:

- Eg håpar det vert rift om å nytta kontorplassane. Dei vil ikkje bli satt av til faste stillingar, men til folk som ønskjer å kome seg vekk og få ro til å skrive eller for gjesteforskarar på vitjing til Bergen. I samband med ulike prosjekt vi har på Folgefonna kan det vera greitt å vera nær studieobjektet. Folgefonna er på mange måtar ein kanarifugl i klimasystemet, ein spanande klimaindikator i fortid, no tid og i framtid. Det ligg ikkje til grunn nokon fast plan eller ordning for bruken av kontora, og såleis vert bruken i fyste omgang et prøveprosjekt og tufta på praktiske erfaringar ein gjer seg undervegs, utdjupar Bakke.   

Noko anna

Bygget tar opp ei tematisk inndeling som reflekterer noko av den allsidige klimaforskinga ein finn ved Bjerknessenteret. Det hydrologiske krinslaupet går igjen som ein raud tråd i utforminga av bygget og kapslar inn ulike aspekt ved klimaforskinga: isbreen som klimaindikator, smeltevatn og geologi, vatnets påverknad på ulike økosystem og vatnets plass i ulike vær fenomen, alt nært og aktuelt. Bygget er likeins inndelt i to etasjar der fjorden er tema i fyrste etasjen medan ein i andre etasje er over vassflata og går vidare opp i atmosfæren.

I tillegg til kontora vil ein finne skulelaboratorium og auditorium for kurs, seminar og interaktive utstillingar som i større grad er mynta på turistar og skuleborn.  Det ligg til grunn ein dynamisk vekselverknad mellom vitskap og formidling. Bakke deler sine visjonar:

-Eg håpar senteret vert eit fyrtårn innan kunnskapsformidling. Det vil skilje seg frå jungelen av andre vitskapssenter mellom anna fordi utstillingane skal vere dynamiske i samråd med  forskingsinstitusjonane som er aktivt med i prosjektet. Det skal ligge til grunn eit tett samarbeid mellom forskarar og brukarar og Bjerknessenteret har som målsetning å vera ein delaktig støttespelar over lengre tid, og såleis vere med og utvikle utstillingane i takt med korleis forskingsfronten endrar seg.

Skissene gjev innsyn til korleis ein har sett føre seg utforminga av utstillinga. Illustrasjonar: Fuggibaggi Design. 

Det jobbes i dag med å sende inn ein søknad til Forskingsrådet til formidlingsaktivitetar.   

Vegen vidare

Forprosjektet vart sett i gang i 2012 og Kvinnherad kommune har stilt med Skålakaien som tomt til det nye Folgefonnsenteret. Bygget vil koste omlag 24 millionar kroner, og vert finansiert gjennom eit tredelt spleiselag mellom Kvinnherad kommune, Hordaland fylkeskommune og ulike private aktørar frå næringslivet: Sunnhordland Kraftlag, Norsafe, Hellesøy Verft og Skålafjæro AS. Kommunen vil bli ført opp som eigar av bygget. Samstundes er det klart at ei stifting får ansvaret for den daglege drifta:
 
-Arbeidet med ei stifting er allereie politisk ferdigbehandla i kommunane som soknar til Folgefonna: Kvinnherad, Odda, Jondal, Ullensvang og Etne. UiB, Havforskningsinstituttet, Nasjonalparksenteret for Folgefonna og Bjerknessenteret vil også vere representert i stiftinga. No står det berre nokre få juridiske formalitetar igjen før ein kan signera, fortel Bakke.