Understanding climate
for the benefit of society

Avtalesignering i Durban

Den 7. Desember, under klimatoppmøtet COP17 i Durban, underteikna Bjerknessenteret ein samarbeidsavtale med det leiande sør-afrikanske klimaforskingsmiljøet ACCESS.

Body
Med den sørafrikanske ministeren for forskning og teknologi, Naledi Pandor, til stades underteikna Bjerknessenteret og ACCESS (http://www.access.ac.za/)  ein avtale om samarbeid i utdanning og forsking på klimaendringar og geovitskap, med eit geografisk fokus på Sør-Afrika og områda rundt. 
 
ACCESS vart starta offisiellt som ein CoE, Center of Excellence, i fjor. Miljøet er sett saman av ei rekke forskingsinstitusjonar i Sør-Afrika. Minister Pandor la vekt på at senter som ACCESS er eit av tiltaka for å halde på dei gode forskarane i Afrika. Ho peika på at Afrika har femten prosent av verdas befolkning, men berre ein prosent av alle forskarar i verda. 
 
 

– Det hjelper ikkje å ha mange studentar på universiteta dersom me ikkje har veiledarar til dei, sa minister Naledi Pandor. 
 
Partnarskapet med Bjerknessenteret knyt saman to nasjonale senter for framståande forsking. Partnarskapet vil styrke den vitskaplege kapasiteten ved begge sentre og generere ny kunnskap om globale klimaendringer, utfordringar og moglege løysingar knytta til det afrikanske kontinentet. 
 
 
Samarbeidet har fire forskningsområde: 
 
1. Forbetra klimascenario for det sørlege Afrika og havområda rundt. 
 
2. Menneskeskapte og naturlege klimavariasjonar i Afrika
 
3. Tidlegare varmeperiodar og deira påvirknad på marine og landbaserte økosystem. 
 
4. Observasjonssystem for karbonkretsløpet mellom hav og luft i sørlege havområde.