Understanding climate
for the benefit of society

Russisk besøk

Ein delegasjon frå St.Petersburg og Kaliningrad haustar norske erfaringar innan klima- og energiplanlegging, og besøkte Bjerknessenteret i den anledningen.
 

Body

Denne veka tok Birgit Falch og Nils Gunnar Kvamstø imot ein delegasjon på 17 russarar, då dei denne veka var på studietur i Bergen og Oslo. Den russiske delegasjonen med personar frå styresmakter, universitet og nærlingslivsorganisasjonar i dei to byane ved Østersjøen, deltek i to energi- og klimaplanleggingsprosjekt i regi av Nordisk ministerråd.

– Målet for studieturen er å hente nordiske erfaringar frå klimaplanlegging, aksjonsplanar, energieffektivisering og innan fornybar energi, seier Natalia Khaluk, prosjektkoordinator ved Nordisk ministerråd i Kaliningrad.

Bjerknessenteret og GFI stod på lista for den russiske delegasjonen på studietur. Foto: Gudrun Sylte

 

Khaluk har tidlegare vore i Bergen, blant anna på MARE-konferansen i vår. Då studieturen var under planlegging bestemte ho seg for at ein måtte besøke Bergen og Bjerknessenteret.

Tirsdag fekk dei eit innblikk i Bjerknessenteret sine forskningsområder frå Nils Gunnar Kvamstø, og eksempler på globale klimaendringer og regionale klimamodelleringsaktiviteter frå Michel Mesquita og Frode Vikebø.


– Det var svært interessant å få vite meir om bakgrunnen for klimaendringane og korleis det kan påverke livet til mange menneske i framtida. I Kaliningrad vert vi spesielt påverka av havnivåstiging, sidan store område ligg under havnivå berre beskytta av diker, på same måte som i Nederland, seier Khaluk.
 

Etter Michel Mesquita sitt foredrag er russarane interesserte i å delta i fjernundervisningsprogrammet Mesquita utviklar saman med TERI, CICERO og University of Iowa innan kapasitetsbygging i klimaforskning. Prosjektet er kalla og står for Long-term E-capaciity builDing for climate science.