Understanding climate
for the benefit of society

Spør ein klimaforskar: Tore Furevik 

I tidens ånd stiller professor Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret, opp direkte frå heimekontoret på Sotra for å svare på spørsmål folk måtte ha om klimaendringane – alt mellom himmel og jord, og gjerne også om havet. Sendinga blir på Youtube.

Body

Lurar du på korleis det kan ha seg at klimaet på jorda heile tida endrar seg? Eller kvifor forskarane er heilt sikre på at det denne gong er oss menneske som har skulda? Kva kan vi eigentleg gjere for å få den globale oppvarminga til å stoppe opp? Og kva blir konsekvensane om vi likevel ikkje klarer det?

Dette og mange andre ting du lurar på har du no sjanse til å få svara på!

I tidens ånd stiller professor Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret, opp direkte frå heimekontoret på Sotra for å svare på spørsmål folk måtte ha om klimaendringane – alt mellom himmel og jord, og gjerne også om havet. Sendinga blir på Youtube.

Still spørsmål her, eller send dei som melding til vår Facebook-side eller på post@bjerknes.uib.no, og få dei besvart på fredag mellom 13 og 14. Det vil også gå an å stille spørsmål undervegs i sendinga. Møtet vil vere tilgjengeleg på Youtube i etterkant.