Understanding climate
for the benefit of society

Om tjue år er det for seint

Verda har tjue år på seg for å snu dei menneskeskapte klimaendringane, skriv Helge Drange i siste nummer av tidsskriftet Syn og Segn.

Body


 At klimasystemet er ute av likevekt, vantar det så visst ikkje prov på. Då tenkjer vi ikkje på orkanherjingane i Det karibiske havet og i Mexicogolfen, på samanhengande regn i nord, nedbørsrekord i vest og tørke i aust, men på dette: Drivhusgassane har ikkje vore høgare på dei siste 400 000 år. Det vert varmare til lands og til havs, tørre område vert tørrare, og våte område vert våtare. Breane forsvinn, isen i Arktis smeltar, vassyta stig, og fleire og fleire får røyna kva det vil seia å leva i eit klima under endring. Og dette er berre byrjinga.

Vi veit vi har to tiår på oss for å avgrensa omfanget av menneskeskapte klimaendringar. Difor lyt det handlast no. Vi veit også at Noreg er medverkande til det som skjer, gjennom eksport av olje og gass. Noreg har såleis eit ansvar som går langt ut over Noregs grenser. Difor er det å vona at klimapolitikken vert meir framståande for den nyvalde regjeringa enn det valkampen bar bod om.

Ei regjering som tek klimaproblemet på alvor, vil aktivt vera med på å byggja bru og skapa internasjonale alliansar for ein ny, forbetra og verksam Kyoto-avtale. Teknologiutviklinga må også styrkjast. Noreg kan her spela ei nøkkelrolle når det gjeld fjerning og lagring av CO2 frå gasskraftverk og andre punktkjelder. Difor bør det byggjast eit gasskraftverk i Noreg der teknologien med fjerning og lagring av CO2 i stor skala vert testa og vidareutvikla. Tilrettelegging av denne teknologien for arktiske strok og for land som til dømes Kina kan føra til storstilt reduksjon av dei globale klimagassutsleppa.

Like eins trengst det styrking av naturvitskapleg og samfunnsøkonomisk kunnskap om korleis klimaendringane vil endra Noreg, Arktis og landa der dei bur, dei som treng den kunnskapen aller mest: Dei fattigaste av dei fattige i utviklingslanda. I særleg grad treng vi betre kunnskap om samanhengen mellom klimaendring og ekstremvêr, og moglege følgjer av ekstremvêr.

Media og tvilen

 Menneskeskapte klimaendringar kjenner ikkje landegrenser og har ei levetid på mange hundre år. Samstundes vel vi politikarar for ein avgrensa region og for eit fåtal år. Korleis kan vi då sikra komande generasjonar ei verd i tilnærma balanse, klimamessig sett? Er det i det heile mogleg å sikra – i tydinga kontrollera – klimautviklinga? Og vidare, er det mogleg å forsikra seg mot menneskeskapte klimaendringar?

Ein grunnleggjande føresetnad for at eit problem skal takast på alvor, er at det er ei forståing av at problemet eksisterer, at ein kjenner årsaka til problemet, og at det er ein viss kunnskap om omfanget av problemet. Når det gjeld spørsmålet om menneskeskapt klimaendring, kan ein høyra og lesa ei rekkje vurderingar og meiningar:

For det fyrste har det vore både kaldare og varmare enn i dag. Slik kjem det også til å vera når ein ser fram i tid. Og kan det ikkje vera slik at nokre land eller område, kanskje Noreg og nordmenn flest, vil få betra føresetnader for industri, turisme og livskvalitet som ei følgje av menneskeskapte klimaendringar? Så kvifor bry seg?

For det andre, sjølv om klimaforskinga er tufta på eksakte eller prøvbare naturvitskaplege grunnsetningar, er klimaforskinga ikkje ein eksakt vitskap. Slik kjem det til å vera også i framtida. Det er difor alltid ei viss uvisse omkring enkeltståande resultat både når det gjeld observasjonar av klimaendringar og utrekningar av framtidig klima. Difor kan det – og vert det – stadig vekk reist tvil om ny kunnskap og nye funn i klimaforskinga er verkelege eller ikkje, slik det er i all forsking.

I mediedebattar om klimaendringar vert det gjerne spelt på denne tvilen og uvissa. Sidan det ikkje vert debatt utan meiningsmotsetnad, er det naturleg at dei som følgjer debattane, får inntrykket av at uvissa er stor med tanke på om klimasystemet endrar seg grunna menneskeskapt påverknad eller ikkje. Men er det gjeve at debattane er representative for den kunnskapen som finst om klimaspørsmålet? Vidare vert det jamleg reist spørsmål om utforminga av klimarapporten til Dei sameinte nasjonane (Intergovernmental Panel on Climate Change, IPCC) er open for alle forskarar eller berre for dei som har det ”rette” synet. Og vidare: Er det i det heile mogleg å få finansiert klimaforsking som ikkje støttar opp under hovudfunna i IPCC?

Vidare har mange også lit til at teknologiutviklinga og industrien vil vera på banen den dagen omfanget av klimaendringa er tilstrekkeleg stort og alvorleg. Det er fleire døme på at dette er tilfellet: Nedbrytinga av ozon i atmosfæren er no under kontroll etter at det vart ulovleg å nytta ozon-nedbrytande stoff til dømes i kjøleanlegg, som drivgass på sprayflasker og i isolasjon (Montreal-prosessen frå 1987 til 1997). Også sur nedbør er under kontroll der avgassane frå kolkraftverk vert reinsa for sotpartiklar. Så kvifor skulle ikkje teknologiutviklinga koma med ei løysing på klimaproblemet òg?

Dersom framskrivingane av klimasystemet slår til, basert på dei klimamodellane vi i dag har, femner problemet så vidt og får så store følgjer at dei fleste av oss kjenner oss både blenda og lamma. Attende står ein då, i beste fall, med tilpassing til dei endringane som måtte koma, når dei kjem.

Dette veit vi
Atmosfæren inneheld i dag meir karbondioksid (CO2) enn på lenge, kanskje meir enn over dei siste 20 millionar åra. Det er vist og akseptert at auken frå byrjinga av den industrielle revolusjonen på 1700-talet og fram til i dag kjem av brenning av kol, olje og gass, og til ein viss grad av endringar i bruken av land og skog, og sementproduksjon.

Vi veit også at CO2, saman med andre drivhusgassar, slepper gjennom innkomande solstråling, men at dei same gassane fangar noko av den utgåande varmestrålinga frå jorda. Det er heller ikkje diskusjon om at aukande innhald av klimagassar i atmosfæren varmar klimasystemet vårt.

Utfordringane ligg i at klimasystemet er samansett av mange komponentar som kvar for seg svarar på til dømes aukande temperatur, og at endringar i ein komponent påverkar dei andre komponentane i systemet. Dermed kan ei lita endring i temperatur føre til ei rekkje reaksjonar der nokre verkar forsterkande og andre dempande på temperaturendringa.

Eit døme: Ein varm atmosfære varmar opp havvatnet. Dette fører til auka fordamping frå hava og dermed meir vassdamp i atmosfæren. Samstundes kan ein varm atmosfære halda på meir vassdamp enn ein kald atmosfære (same effekten som gjer at lufta i tropane, eller i ei badstue, er fuktig). Aukande innhald av vassdamp i atmosfæren er viktig sidan vassdamp er ein sterk klimagass. Auka vatn i atmosfæren vil også dra i retning av at det vert danna meir skyer, som i hovudsak verkar kjølande. I tillegg vil vassdamp som kondenserer i atmosfæren, gje frå seg mykje energi; dette er ein viktig grunn til at orkanane vert så øydeleggjande som dei er. Det er også stor skilnad på om nedbøren fell som regn eller snø, då snø fargar landjorda kvit, og med det reflekterer innkomande solstråling, medan regn påverkar vegetasjonen og innhaldet av vatn i jordsmonet.

Dømet over, som kan gjerast mykje meir komplisert, illustrerer at det er naudsynt å ha gode observasjonar frå lufta, landjorda og havet, teoretisk kunnskap om korleis dei ulike klimakomponentane oppfører seg kvar for seg og i samanheng, og modellsystem som bringar dei viktigaste komponentane og prosessane saman, for å kunna forstå det globale klimasystemet. Det er først over dei siste 10–15 åra at forståinga av klimasystemet har vorte såpass god og vid at det er mogleg å uttala seg om kva som er normalt, og kva som ikkje kan forklarast utan at ein inkluderer ikkje-naturlege påverknader i klimasystemet.

Menneskeskapt oppvarming er påviseleg frå og med 1990-talet, men signalet er framleis nokså svakt jamført med dei naturlege endringane som vi kjenner. Like fullt veit vi at temperaturen på jordoverflata har auka med 0,7 grader over dei siste hundre åra, og at ein del av denne oppvarminga, og då særskilt frå dei siste tiåra, kjem av aukande innhald av menneskeskapte drivhusgassar i atmosfæren.

Til dømes veit vi at dei 19 varmaste åra sidan verdsomspennande temperaturmålingar starta for 150 år sidan, er å finna etter 1983. Slik det ser ut i dag, kjem 2005 til å verta det varmaste eller nest varmaste året sidan 1856. Det er vidare grunn til å tru at lufttemperaturen på den nordlege halvkula no er høgare enn over dei siste 1000 år.

Vi veit at temperaturen i verdshava stig. Dette er eit viktig resultat sidan det har vorte reist spørsmål om i kor stor grad temperaturmålingane ved bakken er påverka av urbanisering (svart asfalt i staden for grønt gras). Sjølv om temperaturauken i verdshava verkar liten: 0,17 grader over dei øvste 300 m og 0,037 grader over dei øvste 3000 m, utgjer denne oppvarminga ei stor varmemengd. Så stor er denne varmemengda at sjølv om vi i dag stoppar alle utsleppa av menneskeskapte klimagassar, vil vi få ein global temperaturauke på om lag 0,6 grader, eller tilsvarande den oppvarminga som vi har hatt over dei siste 100 år. Dette syner at det vi i dag observerer av klimaendringar, kjem av summen av dei klimagassutsleppa vår eigen og dei føregåande generasjonane har gjort, på same viset som dei utsleppa vi i dag gjer, vil få følgjer for dei komande generasjonane.

Vi veit at isbreane på landjorda minkar. Det er berre eit par unnatak her: Til dømes har isbreane i Vest-Noreg vore i vekst grunna dei store nedbørsmengdene på 1980- og 1990-talet. Det same er tilfellet for nokre av breane på New Zealand. Det er usikkert i kva for grad grønlandsisen endrar seg; her er det observert smelting under 1500 m og meir snø over 1500 m. I Antarktis er det berre små endringar på sjølve kontinentet, medan nokre av dei store isbreane som flyt ut i Sørishavet, har kollapsa, mogleg grunna auka lufttemperatur rundt kontinentet.
Summen av auka temperatur i verdshava og smelting av isbrear fører til at havyta stig. Her snakkar vi om 10–20 cm i løpet av dei siste 100 åra.

Vi veit at havisen i Arktis smeltar. Held utviklinga fram, vil Arktis vera isfritt om sumaren ein gong  i siste halvdel av dette hundreåret. Vi må i så fall fleire millionar år attende i tid for å finna ein liknande situasjon. Tilsvarande veit vi at utbreiinga av snø minkar, og at våren kjem tidlegare og vinteren seinare på høge nordlege breiddegrader.

Vi veit at det er auka fordamping frå havområda i tropane. Fordampinga har vore særskilt sterk i Atlanterhavet. Vi veit også at det har falle meir nedbør på våre breiddegrader. Auka fordamping i tropane og auka nedbør på høgare breiddegrader syner at kretslaupet til vatnet har vorte forsterka.

Vi veit at verdshava tek opp om lag to tredjedelar av den CO2 som vi frigjer til atmosfæren over nokre år. Når gassen CO2 vert løyst i vatn, vert vatnet surt. Det pågår difor i dag ei global forsuring av verdshava. Effekten er framleis nokså svak, omlag 0,1 pH-einingar forsuring, men forsuringa kjem til å auka til 0,3–0,4 pH-einingar mot slutten av dette hundreåret. Dette vil føra til store problem for mange plante- og dyreplankton i havet, og då særleg dei organismane som er omhylla av kalkskal.
Det er mogleg, men ikkje bevist, at ekstreme vêrhendingar har auka i intensitet. Det kjem vi attende til lenger nede.

Framtida i klimamodellane
Det viktigaste einskildresultatet frå klimamodellane er at det vi til no har sett, er for ingen ting å rekna samanlikna med det vi kjem til å sjå utetter i dette hundreåret. Men det er håp: Klimamodellane syner også at reduserte klimagassutslepp vil føra til redusert omfang av klimaendringane. Klarar vi å halvera utsleppa i løpet av dei neste 20–30 åra, er mykje gjort.

Problemet er at utviklinga går den andre vegen: Fleire menneske, aukande levestandard og framleis store reservar av kol, olje og gass gjer at utsleppa av klimagassane aukar. Faktisk har dei globale utsleppa av CO2 auka med heile 71% sidan 1971.

Sjølv om vi i dag stoppar alle utslepp av klimagassar til atmosfæren, vil vi få ei oppvarming på 0,6 grader. Å stoppa alle utslepp er sjølvsagt utopi. Slik det no ser ut, kjem vi til å sjå ein global temperaturauke på omlag 3 grader i dette hundreåret. I så fall må vi om lag 3 millionar år attende i tid for å finna eit tilsvarande klimatilhøve.

Dette syner at det langt frå er eit lite klimaeksperiment vi er skuld i. Ser ein på nordområda, kan vi forventa om lag dobbelt så sterk oppvarming over Arktis og tilgrensande landområde som den globale oppvarminga. Dette har mellom anna samanheng med at havisen i nord forsvinn sumarstid, og at utbreiinga av snø minkar.

Kva kan vi elles venta oss av klimaendringar? Mange av oss hugsar varmebølgja over Sør-Europa i juli–august i 2003. Om lag 30 000 menneske døydde som direkte eller indirekte følgje av denne hendinga, og kostnadene ved avlingssvikt er sette til 100 milliardar kroner. Basert på observert temperatur – og utan menneskeleg påverknad av klimasystemet – kan ein forventa at ei slik varmebølgje kjem ein gong kvart 500–1000 år. Klimamodellane syner at slike varmebølgjer kan koma kvart eller annakvart år i siste halvdel av dette hundreåret. I så fall får vi klimaflyktningar også i Europa.

Som tidlegare nemnt vil nedbørsmengdene auka med aukande temperatur. Men auken i nedbør kjem ikkje til å vera jamt fordelt; det vert meir regn langs eit belte ved ekvator og ved høge nordlege og sørlege breiddegrader, og tørrare elles. I det heile kjem Middelhavsområdet dårleg ut med høg temperatur og lite regn. Det er difor grunn til å tru at sumartørken vil auka i tid og i utbreiing i dette området.

Eit anna resultat er at ekstremvêrhendingane kjem til å verta forsterka, og med det koma oftare. I Mellom-Europa har det vore store nedbørsmengder og flaum fleire gonger dei siste åra; dei siste flaumane var i 2002 og no igjen i haust. Her tyder klimamodellane på at slike hendingar kan koma 5–7 gongar så ofte i andre halvdel av dette hundreåret som dei gjer no.

Det er også sannsynleg at ekstremvêr i form av tropiske orkanar vil endra karakter. Her er det venta fleire sterke orkanar, men ikkje fleire orkanar sett under eitt. Ein viktig grunn til at styrken vil auka, er at overflatetemperaturen i verdshava aukar, og med det aukar fordampinga. Når så denne dampen vert løfta i atmosfæren og kondenserer, vert det frigjort energi, som er naudsynt for å forsterka orkanen. På denne måten vert orkanen som ei gigantisk – og i mange høve destruktiv – roterande varmepumpe, i stor grad driven av den høge overflatetemperaturen i havet.

Grunna høgare havtemperatur og smelting av isbrear og snø på land er det forventa at havyta, i middel, vil stå 25–50 cm høgare mot slutten av dette hundreåret enn i dag. Dette, i kombinasjon med flaum og stormflo, vil føra til store utfordringar for dei mange og store folkegruppene som har tilhald ved havyta.

Det er også problematisk at isbreane smeltar. I Tibet og Himalaya finst det 46 000 isbrear. Sumarsmeltinga av desse breane er viktig for vassforsyninga i elvane Yangtze, den gule floda, Mekong, Indus og Ganges. Med auka smelting av breane i Tibet og Himalaya er det venta at vassnivået i desse elvane kjem til å auka fram mot år 2050, for deretter å minka. Dette kan få store fylgjer for dei mange som nyttar vatn frå desse elvane.

I eit lengre tidsperspektiv vil også isen på Grønland ta til å smelta. Det er sannsynleg at ein temperaturauke på om lag 3 grader kjem til å setja i gang ei utstrakt smelting av grønlandsisen. Dette er alvorleg, då Grønland lagrar ei vassmengd tilsvarande 7 m auke av den globale havyta. Ingen trur at all isen på Grønland kjem til å smelta, men ein kan ikkje sjå bort frå at havyta kan stige med 1–2 m på nokre hundre år grunna ei slik smelting. Smelting av grønlandsisen er ei viktig årsak til at auken i den globale temperaturen bør haldast godt under tre grader.

Vi lukkar augo
Basert på desse døma – og det er fleire av dei – korleis kan det ha seg at diskusjonen om vi verkeleg har eit klimaproblem, er jamleg oppe i media, at USA og Framstegspartiet nektar for at vi har eit menneskeskapt klimaproblem i det heile, at klimautfordringa var nær eit ikkje-tema under den nyleg avslutta valkampen, at 70% av innringjarane til Holmgang (TV2, 21. september 2005) meinte det ikkje er ein samanheng mellom menneskeskapt klimaendring og ekstremvêr. At det er sterk misnøye når bensinprisen stig, at det er omtykt med store og bensinslukande bilar, og at vi alle jaktar etter billegbillettar med fly til Syden?

Kan det vera at bybuarane – og det vert stendig fleire av oss – ikkje lenger veit kva krefter det er i vêr og vind, og at vi trur vi kan overstyra naturkreftene? Vel veit vi at det er vindfullt og vått rundt husnovene når lågtrykka feiar inn frå havet i vest. Men det er først når ein går opp i høgda eller ut i havgapet at mennesket vert for ingenting å rekna samanlikna med naturkreftene. Lite hjelper det då å ta opp mobilen for å ringja etter hjelp. Kan henda har vi vakse frå erkjenninga av kor små vi er samanlikna med dei kreftene som er i naturen, og erkjenninga av at det er uråd å temma naturkreftene.

Eller er problemet at klimaendringane kjem gradvis og over lang tid, og at det difor er vanskeleg å vektleggja føre-var-prinsippet? I den samanhengen kan det nemnast at 60 % av innbyggarane i Noreg i dag lever om 30 år, og at 30 % av innbyggjarane lever om 50 år. Og med aukande innhald av klimagassar i atmosfæren vil mange av dei som i dag lever, og alle i dei komande generasjonane, oppleva omfattande endringar i vêr og vind til lands og til havs.

Eller vel me å ikkje tru på hovudfunna i IPCC-rapporten og på klimamodellane? Vel vi å halda vår lit til dei få som hevdar at temperaturmålingane ikkje er til å stola på, at jorda ikkje er varmare i dag enn over dei siste 1000 år? At så lite er kjent om kva rolle skyene spelar i klimasystemet, at det er ope om klimaet vert varmare eller kaldare, eller at sola styrer alle endringane vi ser? Og korleis vel vi å halda oss til det faktum at det er ein viss sjanse for at klimasystemet vert endå meir omsnudd enn det IPCC meiner? Det er faktisk større sjanse for at den globale oppvarminga vert sterkare enn 3 grader enn at ho vert svakare.

For sjølv om forståinga av klimasystemet er god, er det til dømes framleis manglande forståing av i kor stor grad sot og andre partiklar i atmosfæren er med på å halda attende den menneskeskapte temperaturauken, i kva for grad opptak og utgassing av karbon og metan frå landjorda og havet vil endra seg med global oppvarming (det er sannsynleg at naturen kjem til å ta opp mindre CO2 og frigjera meir metan, som i så fall vil verka forsterkande på oppvarminga), at vi ikkje kan utelukka raske endringar i klimasystemet (som vi har sett i tidlegare klimasituasjonar), at smeltinga av grønlandsisen aukar, eller at havsirkulasjonen kan endra seg meir enn det vi i dag trur (korleis er Golfstraum-systemet rundt år 2100 og etter det?).

I tillegg kjem ei rad med spørsmål som handlar om korleis menneskeskapt klimaendring vil påverka skiljet mellom fattig og rik, og tilgangen til vatn og kvaliteten av vatnet. Korleis vel vi å nytta dei store fossile ressursane som enno er igjen? Korleis vil og kan økosystema svara på global klimaendring, på endringar i det biologiske mangfaldet, på koplinga mellom klima, helse og utbreiing av sjukdomar? I kva for grad vil livskvaliteten verta påverka? Kva konsekvensar vil endringane ha i jordbruk, skogbruk og fiske, for verknadene på turisme, infrastruktur, transport, det bygde miljø, kulturminne og fornminne, og så vidare?


Utfordringa
Det er ikkje lett å reinsa atmosfæren for CO2 eller dei andre klimagassane, og havet kan ikkje tappast for lagra varme. Det er også avgrensa kor mykje det hjelper å planta tre for å binda CO2 frå luft. Vindmøller, bølgjekraft, energi frå tidevatn, vasskraft og jordvarme er gode energikjelder for somme område, men dei kan ikkje dekka den globale etterspurnaden av energi. Energi frå solceller har eit stort potensiale, men teknologien er framleis for dyr.

Vi kan heller ikkje nekta dei fattigaste av oss å få ein noko betre levestandard. Vi kan rista på hovudet av at det kjem 30 000 nye bilar på vegen i Beijing og Shanghai kvar månad, men som dei mest velståande på jorda kan vi vanskeleg nekta kinesarane å køyra bil, å kjøpa fryseboks eller å nytta luftkjøling i heimane sine.

Det er berre gjennom internasjonale organisasjonar at klimaproblemet kan handsamast. Dei sameinte nasjonane og IPCC-prosessen er viktige når det gjeld å leggja fram ein så brei og nøytral kunnskapsstatus om klimasystemet som mogleg. Trass kritiske røyster imot IPCC-prosessen er dette ein dugnad som manglar sidestykke i forskarverda, og det er det einaste instrumentet som kan gje truverdig informasjon om klimasystemet på tvers av landegrenser, politiske system og organisasjonsmessige eller personlege overtydingar.

Kyotoavtalen er viktig sidan han er den første internasjonale avtalen som har som mål å redusera utsleppa av klimagassar til atmosfæren. Innhaldet i avtalen har i praksis svært liten innverknad på klimautviklinga. Når det er sagt, må ein respektera at det tek tid å få formalisert tiltak mot eit globalt og så omfattande problem som menneskeskapt klimaendring er. Difor er Kyotoavtalen viktig og riktig.

Kina er nemnt, og ikkje utan grunn. Med rask økonomisk vekst og framleis 800 millionar menneske med låg levestandard på landsbygda er det ikkje til å unngå at Kina vil stå for aukande utslepp av klimagassar. Det er også store klimautfordringar knytte til India, Brasil og Mexico. I desse landa, som elles, vil det hjelpa å få til ein overgang frå kol til olje, og frå olje til gass som energiberarar. Det er også mykje å henta på å effektivisera energiprosessen. For å få dette til er det naudsynt med teknologiutvikling og -overføring. Det er å venta at høge oljeprisar vil verka drivande for denne utviklinga.

Men det er andre enn dei landa med raskt aukande levestandard som sit med nøkkelen til reduserte klimautslepp. Som eit døme står USA for 23 % av dei totale utsleppa av CO2 til atmosfæren. Til samanlikning står EU-landa for 13 % av utsleppa. I USA vert det no snakka om ”The Nuke Era”, eller ny tid for kjernekraft. Også land som Frankrike og Kina held på eller planlegg å byggja nye kjernekraftverk. Hovudgrunnen til desse satsingane er at det er eit ønske om å verta mindre bunden av import av fossile brensel. I tillegg kjem det at det ikkje er klimagassutslepp frå kjernekraft.

Noreg i klimasystemet
Noreg står for 0,14 % av dei totale utsleppa av CO2 til atmosfæren. Dette er lite, og kjem i stor grad av at mesteparten av vår energi kjem frå vasskraft. Likevel har Noreg eit særs ansvar når det gjeld menneskeskapt klimaendring. Grunnen er den store eksporten av olje og gass frå Noreg – eksporten tilsvarar 2,5 % av dei globale utsleppa av CO2. Dette er mykje for eit land med 0,7 promille av menneska på jorda!

Samstundes er Noreg eit så lite land at det gjeld å vera og handla målretta. Framhald og styrking av Kyotoavtalen er naudsynt. Noreg bør spela ei aktiv rolle her. Men for å vera aktiv i prosessen og for å skapa truverd er det sjølvsagt ønskjeleg at Noreg greier å møta dei måla som ligg i den noverande Kyotoavtalen. Diverre ser det ikkje slik ut i dag. Her har den nye regjeringa eit ansvar og store utfordringar framfor seg.

Noreg er langt framme når det gjeld teknologiutvikling til å fanga CO2 frå avgassar frå store punktkjelder som industri og olje-, gass- og kolkraftverk, for deretter å føra CO2 ned og lagra gassen i geologiske formasjonar. Vidareutvikling og eksport av dette konseptet kan redusera utsleppa frå ny industri og nye kraftverk. I tillegg vil hydrogen som energiberar dra stor nytte av denne teknologien. Her er det særs gode utsikter for å redusera CO2-utsleppa.

Noreg ligg i ein makelaus klimaoase med luft- og havtemperaturar som er langt over dei som er typiske for våre breiddegrader. Noreg har difor ei særleg interesse av å auka kunnskapen om det som styrer klimaet i Noreg og dei nærliggjande havområda. På tilsvarande måte er Noreg næraste nabo til Arktis. Med eit blått Arktis sumarstid mot slutten av dette hundreåret, og dobbelt så sterk oppvarming her som for jorda elles, står vi føre utfordringar når det gjeld transport, utvinning av olje og gass på sokkelen i Arktis, fiske, økosystem på landjorda og i sjøen, det biologiske mangfaldet, infrastruktur og busetnad.

Noreg har eit ansvar for å hjelpa nokre av dei som ikkje kan førebu seg på klimaendringane, som i liten grad er skuld i klimaendringane, og som kanskje vil verta hardast råka av dei. Dette gjeld dei fattigaste av dei fattige i dei mest tørkeutsette områda i Afrika, dei som bur i dei mest flaumutsette områda i Mellom-Amerika og i Asia, og alle dei som har tilhald like over havyta. Her er det mykje å gripa fatt i for norsk utviklingshjelp.

Kan vi så sikra klimaet? Ja, dette er mogleg. Og endå betre: Noreg kan spela ei nøkkelrolle her. Ved å byggja eit gasskraftverk i Noreg med fjerning og lagring av CO2 kan teknologien testast, forbetrast og dokumenterast, og naudsynt røynsle og kunnskap kan byggjast opp. Tilrettelegging av denne teknologien for Barentshavet, sokkelområda i Arktis og for land som til dømes Kina har eit potensial som langt overgår klimaeffekten av den noverande Kyotoavtalen. Ei slik tilrettelegging kan føra til auka energiproduksjon utan eller med låge klimagassutslepp. Dersom den raudgrøne regjeringa grip fatt i dette, kan ho skriva seg inn i historiebøkene som den grøne energiregjeringa.

Mykje tyder på at vi har to tiår på oss for å unngå det som vert omtala som ei ”fårleg klimaendring”. Innan denne tid må utsleppa av klimagassane minkast, kanskje med så mykje som 30-40%. I andre halvdel av dette århundre må det endå kraftigare lut til. Klarar vi ikkje det, får vi ei oppvarming på meir enn 2 grader i dette århundre. I så fall går vi mot eit klimatilhøve som er så langt frå dei klimaanologane vi kjenner at vi ikkje kan utelukka moglegheita for overraskingar, til dømes knytt til smelting av grønlandsisen, byrjande smelting av isen i Antarktis, svekking av Golfstraumsystemet, smelting av permafrosten, endring i opptak og utgassing av karbon og metan frå landjorda og havet, og meir ekstremvêr. Eit slikt klima vil føra til særs store verkander for menneskje, økosystem og biologisk mangfald. Difor lyt det handlast no.

Helge Drange (f. 1965) er leier for G. C. Rieber klimainsitutt ved Nansensenteret, sit i leiargruppa for Bjerknessenteret for klimaforskning i Bergen, er professor-II ved Geofysisk institutt ved Universistet i Bergen, og er medleiar for Nansen-Zhu International Research Centre i Beijing, Kina.

Artikkelen er publisert i siste nr av tidsskriftet Syn og Segn