Skal kartlegge Bergens klimahistorie
I Bergen blir klimarisiko forma av fjell, fjordar og byens utforming. No ynskjer forskarar å oversette avanserte klimadata til lokale forteljingar om naturfare.
Publisert 24. mars 2026
Skrevet av Tori Pedersen

Victoria Miles er forskar ved Nansensenteret og Bjerknesseteret. Foto: privat
Bergen har litt av kvart å by på. Fjell, dalar, øyer, fjordar og ein bykjerne med hus tett i tett. Det varierte landskapet skapar like variert vær og klimaforhold. Og når klimaendringane blir forsterka, vil òg konsekvensane variere på tvers av byen. Kvar bydel vi ha sine eigne utfordringar.
Forskarar frå Nansensenteret og NORCE, begge partnarar i Bjerknessenteret, utviklar ei interaktiv kartforteljing for Bergen. Målet er å vise korleis farar innan klima- og vær varierer gjennom dei åtte bydelane - og kva det betyr for framtida.
— Bergen har åtte bydelar og dei har alle forskjellig klima. Farane vi vil sjå mest på er temperatur, vind og nedbør, seier forskar på Nansensenteret Victoria Miles.
Marie Pontoppidan frå NORCE skal jobbe med å gje klimadata og generell kunnskap for å sikre relevans.
— Prosjektet vil bidra mykje til vårt formidlignsarbeid ved at vi får gode figurar å bruke i presentasjonen lokalt. Eg håpar også å lære meir om å lage kartforteljingar, då eg ser eit stort potensial for å bruke dei i prosjekt og formidling generelt, seier Pontoppidan.

Forskningsleiar ved NORCE, Marie Pontoppidan, er også med på prosjektet. Foto: Ellen Viste / Bjerknessenteret
Prosjektet er bygd på ein enkel idè: klimafare er alltid opplevd lokalt. Og i staden for å presentere eit gjennomsnitt for heile byen, kartet vil vise korleis forholda endrar seg frå bydel til bydel - og kvifor. Brukarane vil kunne utforske sitt nabolag gjennom korte forklaringar, bileter og enkle, interaktive kart. Prosjektet startar som ein del av "Fast Track-initiativet", som er satt opp for å støtte pilotstudiar, forslag, samarbeid og andre initiativ.
— Noko av det viktigaste, er at det allereie eksisterar tilgjengeleg data. Dei siste åra har fleire prosjekt innan klimatjenester produsert detaljerte og fagleg robuste datasett, inkludert analyser av ekstrem nedbør og vind, temperaturar ved bakken, luftforurensing og vegetasjonsdekke. Mykje av denne informasjonen er imidlertid framleis vanskeleg for ikkje-ekspertar å få tilgang til og tolke, seier Miles.

Som eit av mange forskningstema har Miles sett på koleis luftforureining skadar skog og effekten av urbane varmeøyer i nordlege byar. Foto: Tori Pedersen/ Bjerknessenteret
Det er nettopp det Bergen klimaatlas ynskjer å gjere noko med. Ved å oversette forskning til eit tilgjengeleg og engasjerande format. Prosjektet ynskjer å gjere klimakunnskap nyttig for kommunar, skular og eit breiare publikum. Det kan også gje praktisk innsikt for innbyggarane i byen, for ekspempel ved å identifisere områder med meir sol for solceller eller varmare nabolag som eignar seg bedre for hagebruk.
— Ved å knytte vitenskaplege data direkte til konkrete stader, håpar vi å gjere klimaendringane meir forståelege, relevante og lettare å ta i bruk for alle i Bergen, avsluttar Miles.