Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Rebekka Borsch er Bjerknessenterets styreleiar frå mars 2023. (Foto: NHO Pressebilde)

Rebekka Borsch utnemnd til ny styreleiar i Bjerknessenteret

Framhever viktigheita av eit utstrakt samarbeid med samfunn og næringsliv.

Body

Rebekka Borsch er utnemnd til ny styreleiar i Bjerknessenteret for klimaforskning. Dette vart gjort i styremøte ved Universitetet i Bergen den 9. mars.

– Det er ei veldig stor glede og ære å bli spurt. Eg har ei fortid i Miljødirektoratet og har markert meg som politikar på klima og miljø, så dette er viktig for meg, seier Borsch, som trekker fram to hovudpunkt for si rolle som styreleiar.

– Å skape ei samspelsflate med samfunnet rundt og næringslivet blir vesentleg, der ynskjer eg å kome med gode innspel og eit strategisk blikk. Å sikre bærekraft for finansiering og organiseringa av Bjerknes blir også sentralt, bakteppet slik vi ser no er krevjande for heile forskings-Noreg. Å gå i god dialog med styret og ansatte om dette blir viktig. 

Borsch tek over for Arvid Hallén som har vore styreleiar sidan 2017.

Bjerknessenterets administrasjon held til i Geofysisk Institutt sin vestfløy.
Bjerknessenterets administrasjon held til i Geofysisk Institutt sin vestfløy.

Brei kompetanse og strategisk blikk

Ho er leiar for UNESCO-kommisjonen i Noreg, og avdelingsdirektør for Kompetanse og Innovasjon i NHO. Ho var statssekretær for Iselin Nybø i Kunnskapsdepartementet, og har tidlegare hatt fleire roller nasjonalt og lokalt i partiet Venstre. Ho er fødd i Tyskland, har vore norsk statsborgar sidan 2011, og er utdanna statsvitar og journalist frå Freie Universität Berlin.

– Alle i familien min i Tyskland er starstruck. Ekspertisen hos Bjerknessenteret er globalt anerkjend, og det er spesielt spennande fordi det er så interdisiplinært. Eg skal ikkje meine så mykje om akkurat korleis klimaforskinga blir betre, den ekspertisen sitter i styret ellers, og hos dei ansatte, seier Borsch.

– Rebekka Borsch har ei kompetanse og eit strategisk blikk som er svært verdifullt for Bjerknessenteret. Vi gler oss til å samarbeide med ho, seier direktør Kikki Kleiven.

Bjerknessenteret består av nærare 260 forskarar frå senterets fire partnerorganisasjonar, UiB, NORCE, Havforskningsinstituttet og Nansensenteret. Styret til Bjerknessenteret skal i tillegg til ein leiar bestå av medlem frå kvar dei fire partnarane.

I same møte vart Trond Dokken vart oppnemnd som nytt styremedlem for NORCE, og tek over for Stephanie Mayer som han har vore varamedlem for. Anette Samuelsen og Øyvind Paasche er nye varamedlem for henhaldsvis Nansensenteret og NORCE. Sjå heile det nye styret i faktaboks til høgre.