Prosjektside - EPOCASA
EPOCASA
Enhancing seasonal-to-decadal Prediction Of Climate for the North Atlantic Sector and Arctic
Fra oppstarten i januar 2014
Frå kick-off møtet for EPOCASA 30. januar 2014: Frå venstre Yonqi Gao, Anne Britt Sandø, Mao-Lin Shen, Francois Counillon, Mats Bentsen, Noel Keenlyside, Tor Eldevik, Mahaut de Vareilles (assistant manager), Øystein Skagseth, Camille Li, Kjell Arne Mork, Ingo Bethke, Yvan Orsolini, Retish Senan, Thomas Toniazzo, Marius Årthun, Frode Stordal. Foto: Kjartan Mæstad, Havforskningsinstituttet
"Varsling er den ultimate testen på om me har forstått klimasystemet"
Noel Keenlyside, professor i meteorologi ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret er koordinator for EPOCASA.
Gjennom dette prosjektet tar forskarane mål av seg å utvikle varsling over lang tidsskala, samanlikna med dei kortare vêrvarslingane. Forskninga fokuserer på Nordatlanteren, Noreg og Arktis, og kan bane veg for operasjonelle varslingar på sesong- til tiårig skala. Dette kan igjen ha stor samfunnsnyttig og økonomisk verdi.
Utviklar modell for klimavarsling
I prosjektet samarbeider difor ekspertar innan meteorologi, hav- og klimaforsking med ekspertar på dataassimilering. Dette representerer eit nytt samarbeid i Noreg.
– Me nyttar ei innovativ tilnærming til avansert dataassimilering, det vil seie korleis observasjonar inkluderast i varslingssystemet og i vurderinga av konkrete varsel, seier Keenlyside.
Prosjektet bygger vidare på ei tidlegare strategisk satsing ved Bjerknessenteret, der ein nyleg har kopla dagens versjon av jordsystemmodellen NorESM – den norske klimamodellen som inngår i den siste rapporten frå FNs klimapanel, med ein avansert dataassimileringsmetode utvikla ved Nansensenteret.
– Dette er no utvisa til eit nasjonalt samarbeid for å realisere eit norsk varslingssystem for klima, seier Noel Keenlyside.
Les meir: Siktar mot sesongvarsling