Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Nettverk av målestasjoner. Ringene er faste målestasjoner, de røde linjene er skipslinjer, og de grønne er gjentakende linjer. 

90 millioner kroner til karbonovervåking 

ICOS Norge får 90 millioner kroner av Forskningsrådet for å overvåke klimagassutslipp.  Det tilknytta havovervåkingssenteret kan no gå over frå dugnadsdrift og til eit meir langsiktig løp. Det kan gi nye forskararbeidsplassar. 

Body

Professor Truls Johannessen er strålande nøgd då det vart klart at Forskningsrådet gir støtte til å bygge opp ICOS-Norge. ICOS (Integrated Carbon Observing System) er eit europeisk målenettverk for å overvåke utslepp av drivhusgassar. Dette nettverket vil kunne talfeste vitskapleg kor mykje ulike nasjonar slepp ut av drivhusgassar. 

Nye stasjonar skal settast opp for å få presise data på den norske karbonbalansen, både på regional skala, pluss over land, hav og atmosfære. At Norge no kjem med i ICOS med midlar, har vore ein prosess sidan 2012.

Truls Johannessen
Truls Johannessen

– Endeleg, dette har vore ein lang prosess. No håpar me berre at me får alt me treng gjennom forhandlingane, seier Johannessen, professor ved UiB og forskar ved Uni Research og Bjerknessenteret. Det er Uni Research som er vertsinstitusjon for ICOS Norge.

Forskningsrådet delte ut 1,3 milliarder NOK til forskningsutstyr fredag 26. juni. Også Bjerkneskollegaene på Geofysisk institutt og Institutt for geovitskap har grunn til å glede seg i dag. Det nye og avanserte laboratoriet FARLAB vert finansiert med 16.6 millionar kroner. 

Nye arbeidsplassar

ICOS sine observasjonsnettverk er delt mellom tre sentre. Det atmosfæretematiske senteret (ATC – Atmospheric Thematic Centre) er plassert i Frankrike, medan medan det tematiske senteret for landbaserte målingar (ETC – Ecosystem Thematic Centre) ligg i Italia.

ICOS-network
Nettverk av målestasjoner. Ringene er faste målestasjoner, de røde linjene er skipslinjer, og de grønne er gjentakende linjer. Illustrasjon fra ICOS-OTC

Senteret for overvåking av havet, OTC – Ocean thematic Centre, drives i samarbeid mellom Bergen og Storbritannia ved University of Exeter. Senteret har allereie vore i drift i eitt år, med Johannessen som direktør. 

– Me har allereie gått i gang med senteret på dugnadsbasis. Det har vore eit ønske internasjonalt at Norge og Bjerknessenteret tar leiarrolla på OTC. Me har lenge markert oss på dette området, at midlane no er på plass er svært gledeleg. No kan me ta det langsiktige løftet, seier Johannessen.

Dei nye midlane frå Forskningsrådet betyr også fleire forskararbeidsplassar i Bergen. Kor mange er enno ikkje avklart.