Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Fra feltarbeid i Arktis i 2005. Foto: Lars Henrik Smedsrud 

Polarbyen Bergen

Ei ny evaluering av norsk polarforsking viser at Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret er heilt i toppen i Noreg.   

Body

Det er eit eksternt panel av internasjonale forskarar som har gått gjennom norsk polarforsking på oppdrag av Noregs Forskingsråd. Rapporten viser at Universitetet i Bergen ligg som nummer to når det gjeld talet på publikasjonar i polarforskinga. Universitetet i Tromsø er på toppen i antal publikasjonar med 568 artiklar, med UiB på andreplass med 465 artiklar.

Publisert: 13.09.2017 (Sist oppdatert: 14.09.2017)

Det er eit eksternt panel av internasjonale forskarar som har gått gjennom norsk polarforsking på oppdrag av Noregs Forskingsråd. Rapporten viser at Universitetet i Bergen ligg som nummer to når det gjeld talet på publikasjonar i polarforskinga. Universitetet i Tromsø er på toppen i antal publikasjonar med 568 artiklar, med UiB på andreplass med 465 artiklar.

- Permanent verdensarena

– Vi trur Bergen kan bli ein permanent verdensarena for utvikling av marin forsking, forvaltning og næring. Denne rapporten viser at vi allereie er heilt i teten på dette feltet. Dette er et resultat av det sterke, marine forskingsmiljøet ved Universitetet i Bergen, og viser tydelig at ein stor og viktig del av den norske polarforskinga foregår her, seier rektor Dag Rune Olsen, og legg til:

- Vi jobbar no for å styrke og koordinere det marine forskningsmiljøet ytterlegare i ei samarbeidsklynge som vil knyte saman meir enn 1000 marine studentar, like mange marine forskarar, og dessutan marin forvaltning og næringsutvikling.

Berre eitt år tilbake viste ei undersøking gjennomført av University of the Arctic at UiB er på sjuandeplass av dei mest siterte universiteta i verda på arktisk forsking.

Les om evalueringa hos Noregs forskingsråd

Koordinering og samarbeid

I Bergen er ein stor del av polarforskinga koordinert gjennom Bjerknessenteret for klimaforskning, som samlar dei fire store forskingsaktørane Universitetet i Bergen, Uni Research, Havforskningsinstituttet og Nansensenteret.

Nettopp koordinering av polarforsking til felles nasjonal innsats er noko evalueringspanelet peikar på som eit område med forbetringspotensial i dag.

Her kan UiB og Bjerknessenteret for klimaforsking vere gode førebilete for andre, meiner Tor Eldevik, professor på UiB og nestleiar ved Bjerknessenteret.

– Dei etterlyser meir koordinering, og samarbeid, det kan vi her i Bergen. Ikkje minst er Bjerknessenteret i seg sjølv ei gigantisk koordinering av forskarar som jobbar med dette, seier Eldevik.

Han er ein av drivkreftene og nestleiar i det store nye polarforskingslandslaget ”Arven etter Nansen”, som knyt saman hovudaktørane som er vurdert i rapporten. Dette samarbeidet fekk nyleg 20 millionar kroner i året ekstra av Regjeringa.

For fire år sidan henta Kerim Nisancioglu og Eystein Jansen i Bjerknessenteret inn 50 millionar høgthengande europeiske forskingsmidlar til det dansk-norske arktiske forskningsprosjektet ice2ice. Nyleg har forskingsmiljøa på Bjerknessenteret fått to store tildelingar i 100 millionersklassa for å styre forskningsinfrastruktur for karbonovervåking i samarbeidet ICOS og for drift og utvikling av den norske klimamodellen NorESM i samarbeidet INES.

Ice core drilling on top of the Greenland ice sheet. Foto: Kerim Nisancioglu
Iskjerneboring på toppen av Grønlandsisen, på forskningsstasjonen EastGRIP. Foto: Kerim Nisancioglu 

Bjerknessenteret satsar også offensivt på polarforskning framover. Frå hausten av vil Polarklima vere eit av fire viktige forskingstema, ei satsing som er leia av Eldevik.

Trykk på klimavarsling

Lars Henrik Smedsrud er professor ved UiB og Bjerknessenteret, og leiar for polarforskningsnettverket ved UiB. Polarnettverket samlar ei rekkje forskarar ved UiB som jobbar med problemstillingar knytt til polare område.

Smedsrud trekk fram ei anna side der evalueringsrapporten peikar på forbetringspotensial i den arktiske forskinga: varsling av klima, is- og havnivå i Arktis.

–  Alt dette er Bergen sterke på, seier Smedsrud, og viser til tre store nye EU-prosjekt rundt klimavarsling som starta opp i år: Blue Action, Intaros og Applicate. I alle desse tre prosjekta er forskingsmiljøet i Bjerknessenteret ein viktig aktør.

At polarforsking ifølgje evalueringspanelet bør sjåast som ein nasjonal prioritet, er ei positiv melding å ta med seg, meiner Tor Eldevik .

– UiB og det bergenske forskingsmiljøet i Bjerknessenteret er klare for å ta tak i ein slik nasjonal dugnad. Kulturelt, historisk og næringsmessig har polare område og kultur definert Noreg som nasjon. Men forståinga av klimaet og klimautviklinga i nord er ikkje avgrensa til at områda kring Svalbard er viktige. Det er ei global utfordring og problemstilling som krev at Noreg utnyttar leiande kunnskapsmiljø landet rundt. Det er positivt at evalueringa ser det store perspektivet, seier Eldevik.

Tokt i Norskehavet. Foto: Emil Jeansson
Fra tokt i Norskehavet. Foto: Emil Jeansson, Uni Research/ Bjerknessenteret