Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Svalbard med sjøis. Foto: Jonathan Rheinlænder

Havet i Arktis vert varma opp dobbelt så mykje som resten av verdshava

Ny studie viser at miljø og livet i arktisk vert no permanent endra av denne oppvarminga, det hastar å forbetre klimaet.

Body

Av Charlotte Stark, Arven etter Nansen 

Arktis har gjennom dei siste ti-åra opplevd mykje av dei mest merksame klimaendringar. Temperaturaukinga i lufta nær overflata i Arktis er meir en det dobbelte av det globale gjennomsnittet; eit fenomen kjent som «Arktisk forsterking» («Arctic Amplification»).

Dette har fått mykje merksemd frå både det vitskaplege miljøet og publikum. I motsetning er dei pågåande og framtidige endringane i Polhavet ikkje godt nok forstått enda.

Vil auke med 5°C innan slutten av dette århundre

Difor har forskarar frå Noreg, Tyskland og Kina bidrege med data og nytta topp moderne klimamodellar og synt at Polhavet og varmast opp mykje meir enn det globale gjennomsnittet. Dei øvre 2000 m av Polhavet varmast opp med så mykje som 2,3 gangar det globale gjennomsnittshastigheita. Det finnes dermed ei Arktisk forsterking også i havet.

- Den sterkaste oppvarminga finn vi på mellomliggande djup, i det atlantiske vasslaget. Barentshavet vil ha den største framtidige temperaturaukinga i Polhavet. Her vil vasstemperaturen auke med meir inn 5°C innan dette århundre, viss vi ikkje endrar oppvarminga, hevdar Marius Årthun som er ein av forskarane i denne nye studien som er publisert i Science Advances.

Modellkøyringane gjeld både dagens situasjon og fram i tid. Observasjonar frå Polhavet og Barentshavet viser at ein allereie no er utanfor den normale temperaturen i vassmassane.

 

Varme vert trekt nordover  

Den forsterka oppvarminga av ishavet kan tilskrivast ei tydeleg auking i transport av varmt vann mot Arktis i Den Norske Atlanterhavsstrømmen som er ei forlenging av Golfstrømmen gjennom Norskehavet. Auka oppvarming av Polhavet er difor eit fingeravtrykk av en pågåande «Atlantifisering» av havområda i Arktis der det tidlegare iskalde Polhavet liknar meir og meir på varmare område lenger sør.

– I tillegg til det me kallar «atlantifisering» av havet, vil også dei relativt varme vassmassane skubbe iskanten nordover, seier Marius Årthun.

Den raske og forsterka oppvarminga av Polhavet inneber at det fysiske miljøet og marine økosystem vil oppleva store endringar i åra som kjem viss ikkje klimautsleppa reduserast.

Referanse: 
Shu, Wang, Årthun et al. (2022). Arctic Ocean Amplification in a warming climate in CMIP6 models. Science Advances. 8, eabn9755