Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Silvana Gonzalez. Foto: Tori Pedersen

Skal forske på marine hetebølger langs norskekysten

Dei varar lenger, er varmare og oppstår oftare. Silvana Gonzalez flytta til Bergen for å forske på marine hetebølger langs norskekysten. 

Body

2023 vart eit rekordår. Havtemperaturane nådde sitt høgaste punkt nokon sinne, og på ein gjennomsnittleg dag i 2023 vart nesten ein tredjedel av det globale havet ramma av ei marin hetebølge, i følge Verdas meteorologorganisasjon. 

Silvana Gonzalez flytta til Bergen for å jobbe med marine hetebølger. Ho fekk stillinga som postdoktor ved Havforskningsinstituttet (HI), ei stilling som er finansiert av Bjerknessenteret og HI for å forske på marine hetebølger langs Norskekysten. 

 -Eg trivst kjempegodt i Bergen og med nye kollegaer. Det er varmt og tropisk her, ler ho. 

Sjå på konsekvensar

Gonzalez har nytt godt av det varme været Bergen har hatt i mai.  

-Eg har to hovudoppgåver i prosjektet. Det eine er å sjå på kva som fører til at marine hetebølger oppstår, det andre er å sjå på innverknaden marine hetebølger har på økosystemet. 

Gonzalez kjem frå Uruguay, og tok doktorgrad i Seattle på Universitetet i Washington. Ho har jobba som postdoktor i NOAA (National Oceanic and Atmospheric Administration), der ho forska på effekten av oppvarming og smelting av sjøis i den nordlege delen av Stillehavet.  

Silvana Gonzalez
Silvana Gonzalez

-Det førte til at eg vart interessert i å sjå nærare på effekten av desse ekstreme hendingane på høgare breiddegrader. Trass i deira påverknad er marine hetebølger framleis ikkje veldig godt forstått, spesielt ikkje mekanismen bak. Derfor er det vanskeleg å varsle dei.   

Bakgrunnen

Ei marin hetebølge er ein periode der temperaturen i vatnet er unormalt høg for årstida, det skriver miljødirektoratet. Den ekstreme varmen varar frå nokre dagar til fleire månader. Fenomenet kan oppstå kvar som helst i havet og på eit område opp til fleire tusen kilometer.  

- Sol og lite vind er med på å skape marine hetebølger. For eksempel eit stabil høgtrykk med mykje solinnstråling. Så kan også virvlar og ulike prosessar i havet bidra, seier forsker ved Nansensenteret og Bjerknessenteret Helene R. Langehaug.  

Langehaug er seniorforskar og oseanograf. Ho jobbar også i prosjekta Bjerknes Climate Prediction Unit og Climate Futures. Eit av forskingsområda er marine hetebølger i norske og arktiske havområder, der dei ved bruk av globale klimamodellar og klimavarsel undersøker om det er mogleg å varsle marine hetebølger.  

Helene Langehaug
Forsker Helene R. Langhaug

-Ein stor motivasjon for å sjå nærare på desse områda er at oppvarming i arktisk går raskare enn andre stader, seier Langehaug. 

Hetebølge varte i nesten to år

I august 2014 starta ei marin hetebølge i Stillehavet som vart kalla “the blob”. Den varte i nesten to år. Gonzalez peiker på konsekvensane i lang tid etter ei så ekstrem hending. 

- Den intense og lange hetebølga påverka økosystemet. Og på enkelte felt hadde den ei påverknad i heile fem år frå den starta. Både i form av oppblomstring av skadelege alger til massedød blant kvaler. Ei anna marin hetebølge i 2018 gjekk hardt utover snøkrabbe-bestanden, som førte til ein stopp av snøkrabbe-fangst for første gong i 2022.  

Gonzalez har byrja med å sjå på publisert litteratur om hetebølger i havet, og ut ifrå det ho kan sjå over dei siste åra har det vorte publisert mykje om emnet.  

-Det er eit trendy emne! Men mykje av forskinga er gjort på spesielle hendingar i områda rundt Australia eller i Stillehavet. Det er ikkje så mykje forsking på mekanismen bak marine hetebølger på ein regional skala, spesielt på høgare breiddegrader. Og med modellane tilgjengeleg her, saman med data frå undersøkingar, kan me få ei betre forståing av marine hetebølger og deira påverknad. 

Store konsekvensar

På Nansensenteret er det også eit strategisk prosjekt som ser på å varsle intense marine hetebølger i nordlige havområder. Prosjektet varer til 2026.  

Ei marin hetebølge har potensielt store konsekvensar for livet i havet, både for planter og dyr. Det kan påvirke dyreliv, tang og tareskog, korallrev og føre til ei skadeleg oppblomstring av mikro alger.  

NOAA
Dette kartet viser ei marin hetebølge utafor norskekysten i mai. Kjelde: NOAA

-Det ser ut til at fisken kan flytte seg til områder med mer komfortable temperaturar. Men planter, som tang og tare, har ikkje samme evne til å flytte på seg og blir utsatt for ekstreme temperaturar, seier Langehaug.  

Marine hetebølger kjem oftare og varar lenger. Forskning gjort i havområda nord for 60 grader syner at ei marin hetebølge hadde ei gjennomsnittslengde på om lag 15 dagar tidleg på 80-tallet. I perioden mellom 2010 og 2020 låg gjennomsnittslengden på mellom 35 og 55 dagar.  

Viktig forsking

Klimavarslingseinheita (Bjerknes Climate Prediction Unit) har som mål å bygge bru over gapet mellom værvarsling og langsiktige klimaendringar, for å utvikle presise klimavarsel, slik at ei marin hetebølge kan varslast på førehand.  

-På spørsmålet om me kan varsle marine hetebølger er svaret både ja og nei, avhengig av kva år me ser på. I 2016 klarte me å varsle stor sjanse for hetebølge i Barentshavet den sommaren. Mens i 2013 klarte me ikkje å varsle like godt. Det var marine hetebølger i Barentshavet begge desse åra. Me ser at det er mogleg å varsle desse ekstreme hendingane i havet, men me veit endå ikkje sikkert når varselet slår til, seier Langehaug.  

Climate Futures har også vakse ut av Bjerknessenteret og er leda av NORCE utvikler langtidsvarslar frå ti dagar til ti år fram i tid. Målet er å etablere eit langsiktig samarbeid mellom privat næringsliv, offentleg sektor, service- og næringsorganisasjonar og forskningsinstitusjonar. I tillegg er Nansensenteret involvert i vidare forskning rundt marine hetebølger.  

-Me har mindre informasjon om ekstreme hendingar lenger ned i djupet. Det er eit viktig forskningsområdet vidare, å kartelegge marine hetebølger nedover i djupet.