Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Landskapet på Svalbard vitnar om breens effektive utgraving av vide dalføre og fjordar over tusenvis av år. Mindre sidedalar ber preg at rennande vatn har skjært seg ned i landskapet og danna elvesletter og vifteformer i dalmunningane. Desse karakteristiske spora fortel oss at landskapet har vore våtare før i tida. Foto: John Wendle

Nedbør vil truge Svalbard

Svalbard har dei siste vintrane vore våtare enn nokon kan hugsa og får eit klima som byrjar å likna på Vestlandet sitt. Vår forsking viser at dei som bur på Svalbard må førebu seg på flaumar og skred i framtida.

Body

Kronikk av Torgeir Opeland Røthe og Jostein Bakke, kort versjon publisert i Aftenposten Viten 15.12.2017

Me har lenge vore åtvara om at Arktis vert varmare som ein konsekvens av global oppvarming. Og klimaprognosane har slått til med stadig nye vêrrekordar og mindre sjøis. Det er likevel ein ting som har overraska, nemleg nedbøren. Endring i nedbør – både sommar og vinter, har ført til alvorlege snøskredulukker og flaumar, ikkje berre på Svalbard, men i heile Arktis.

Landskapet på Svalbard er forma av prosessar knytt til vatn i ulike former, mellom anna bre, flaum og skred. For lenge sidan har det vore liknande våte periodar. Gjennom fleire feltarbeid på Svalbard har me undersøkt spor etter slike våte periodar i fortida, korleis klimaet var på den tida og om spora frå fortida kan fortelje oss noko om framtida i eit varmare Arktis.

Forskere på feltarbeid på Svalbard
Forskarar på Bjerknessenteret på feltarbeid ved Vårfluesjøen, på nordkysten av Svalbard, i september 2017. Her har me henta opp prøver frå botnen av innsjøen for å undersøke tidlegare breaktivitet og flaumar. Dette fortel oss om periodar med hyppigare nedbørsflaumar i perioden frå 9000 til 6000 år sidan. Foto: Jostein Bakke

Ser klimaet i istida

Nyleg kom me tilbake frå feltarbeid på Svalbard. Her henta me opp prøver frå botn av innsjøar. Det særeigne fingeravtrykket me kan lese frå botnen kan fortelje oss om breaktivitet, flaumar og skredhendingar. Det er eit unikt arkiv me nærast kan bla oss attende i, og for Svalbard sin del heilt attende til istida som tok slutt for meir en 11 000 år sidan.

Den polare ørkenen forsvinn

Vår forsking er motivert av behovet for ny kunnskap om korleis klimaet på Svalbard har vore over lengre tidsskalaer. Slik kan me seie noko meiningsfylt om korleis framtida vil verte i Arktis. Frå Svalbard veit me at temperaturen har stige med tre grader sidan målingane starta på byrjinga av 1900-talet. Det har vore både kalde og varme periodar, men dei siste femti åra har det vore utelukkande stigande temperaturar.

I dag er klimaet på Svalbard tørt, kring Longyearbyen fell det normalt 190 mm nedbør i året. Det er puslete om ein samanliknar med Bergens 2250 mm nedbør i året. Det er difor oppsiktsvekkande når ein dei siste vintrane på Svalbard har opplevd om lag dobbelt så mykje nedbør som normalt.

Longyearbyen varmast i landet

Det er også oppsiktsvekkjande at temperaturen på vinterstid aukar mest, det vert to til tre grader varmare for kvart tiår. Dei siste åra har me sett periodar på vinteren der temperaturen i Longyearbyen er høgast i landet.

Auka temperatur i havet og i atmosfæren gjev eit redusert sjøisdekke om vinteren. Det utgjer ein stor skilnad for Svalbard å ligge inne i isen og å vere eksponert for det ope havet - slik ein til dømes er langs vestlandskysten.

Eit Svalbard utan is

Det er lett å tenkje seg breane på Svalbard som ein evig is som strekkjer seg heilt tilbake til istida. Men våre klimarekonstruksjonar viser ei anna historie, mange av breane er ikkje ein rest frå siste istid. Mange av dei har vore vekke og kome attende i løpet av dei siste 11000 åra.

I perioden frå 9000-6000 år sidan var klimaet tre til seks grader varmare enn i dag. I fingeravtrykket frå botnen av Vårfluesjøen, kan me sjå hyppigare periodar med nedbørsflaumar. Det har med andre ord vore varmt og vått. Men for om lag 4000 år sidan vart klimaet kaldare. På Svalbard førte endringa til at breane kom tilbake. Der det før var nedbørsflaum, finn me her i staden spor etter snøsmelteflaumar.

Ei framtid med flaum og skred

Sidan varmetoppen for 9000 år sidan har det vore ei gradvis nedkjøling av klimaet på Svalbard. Denne nedkjølinga har gått jamt, men er no avbroten av den siste oppvarminga som byrja for femti år sidan. No er oppvarminga svært rask og kjem på toppen av dei naturlege klimavariasjonane.

Basert på kunnskapen om fortida, ser ikkje framtida lys ut for den polare ørkenen på Svalbard. Det ser ut til at busettinga på Svalbard må bu seg på eit klima som kjem til å likna meir og meir på Vestlandet, med fleire flaumar og skred. Spesielt kombinasjonen av større snøsmelteflaumar om våren saman med nedbørsflaumar kan få alvorlege konsekvensar. I framtidas blåe Arktis lyt ein planlegga busetnad og infrastruktur der ein tek geofarane knytt til klimaendringar meir på alvor.