Bjerknessenteret for klimaforskning er et samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Uni Research, Nansensenteret og Havforskningsinstituttet. 

Kjersti Birkeland Daae i feltarbeid i Antarktis. Foto: Privat

Havstraumar i Antarktis påverkar vårt globale klima 

Kjersti Birkeland Daae disputerer onsdag 13. juni 2018 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen: «Exchange of water masses between the southern Weddell Sea continental shelf and the deep ocean» 

Nedst i vassøyla i dei store verdshava finst vatn frå Antarktis. Om vinteren vert vatnet på den antarktiske kontinentalsokkelen kjølt ned og omdanna til tungt og kaldt vatn med høgt saltinnhald. Dette vatnet straumar nordover, blandar seg med vassmassar frå dei opne havområda og vert omdanna til antarktisk botnvatn. Det antarktiske botnvatnet er ein viktig drivkraft for den globale havsirkulasjonen, og er difor viktig for klimaet globalt. 

Det antarktiske kontinentet er dekkja av verdas største iskappe. Langs kysten er iskappa omkransa av isbremmar, eller flytande isbrear. Isbremmane medverkar til å bremse opp straumen av innlandsis frå iskappa mot kysten, og er difor viktige for å minske ei mogleg havnivåstiging. Observasjonar viser diverre at mange av isbremmane, særleg i Vest-Antarktis, smeltar og vert tynnare i aukande tempo. Dette skuldast varme havstraumar som smeltar isbremmane frå undersida. 

Birch-bremmen, Antarktis. Foto: Kjersti Daae
Brunt-isbremmen. Foto: Kjersti B. Daae

Kjersti B. Daae har studert prosessar i Weddelhavet knytt til produksjon og eksport av antarktisk botnvatn, samt innstrauming av varme vassmassar som kan gi auka smelting av Filchner-Ronne isbremmen -verdas største isbrem (i areal). Daae har mellom anna vist at kaldt sokkelvatn straumar nordover i ein jetstraum langs austsida av den djupe Filchner-renna. Vatnet flaumar over terskelen og fortset vestover langs kontinentalskråninga. Sokkelvatnet blandast effektivt med kringliggjande vassmassar, noko som er viktig for omdanninga til antarktisk botnvatn. 

Med utgangspunkt i ein idealisert havmodell, har Daae funne at både vindtilhøve og vassmasseeigenskapar på kontinentalsokkelen er med og styrer kor mykje varmt vatn som straumar opp på sokkelen eller inn i Filchner-renna. I samsvar med andre modellstudie har Daae funne at kaldt sokkelvatn i Filchner-renna hindrar innstrauming av varmt vatn som kan auka isbremsmeltinga. Dersom varmare klima førar til mindre produksjon av kaldt sokkelvatn vil konsekvensane vere auka innstrauming av varmt vatn og raskare isbremsmelting. 

 

Personalia: 

Kjersti Birkeland Daae (f. 1983) er busett på Voss. Ho har mastergrad i fysisk oseanografi frå Geofysisk Institutt, Universitetet i Bergen. I perioden 2010-2018 har ho vore tilsett som stipendiat ved Geofysisk Institutt, Universitetet i Bergen, og tilknytt Bjerknessenteret for klimaforsking. Rettleiare har vore professor Ilker Fer og førsteamanuensis Elin Darelius ved Geofysisk institutt, samt Tore Hattermann (Aquaplan-niva) og Svein Østerhus (Uni-Research).