Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

På fakultetet sitt siste leiarmøte for året, fekk professor og direktør for Bjerknessenteret Tore Furevik årets Formidlingspris. Foto: Jens H. Ådnanes H. Ådnanes, UiB

Formidlingspris til Tore Furevik 

For å vere ein synleg, dyktig og truverdig formidlar som vert lytta til, får vår direktør årets formidlingspris frå Det matematisk-naturvitskaplege. Her deler han tre gode råd. 

Body

Av kommunikasjonsrådgjevar Jens Ådnanes, UiB. 

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MN) deler årleg ut sin formidlingspris. Professor og direktør for Bjerknes-senteret Tore Furevik får prisen i 2020. 

Prisvinnaren skal strekke seg langt for å bidra til å opplyse samfunnet, skape debatt, synliggjere forsking ved fakultetet, stimulere til formidling eller på annan måte vere ein viktig bidragsytar til kunnskapsspreiing og samfunnsdebatt, heiter det i vilkåra for prisen.

Tore Furevik tok over som direktør for Bjerknessenteret for klimaforsking i 2014[TF1] . Sidan då har han lukkast med å byggja vidare på den sterke posisjonen senteret har som det største fagmiljøet i Noreg for klimaforsking, påpeiker juryen (sjå medlemmene i faktaboks). I år har senteret markert 20 år. 

– Synleg og dyktig

– Tore har lenge vore ein synlig og dyktig formidlar på fleire arenaer. Klima er eit område kor mange har mykje dei vil ha sagt, men Tore står fram blant dei som gjer det med størst autoritet, seier Helge K. Dahle, dekan ved fakultetet og juryleiar.

Juryen skildrar prisvinnaren som ein som strekk seg langt for å få fram bodskapet i samfunnsdebatten.

«Han drar gjerne på FNs klimatoppmøter. Han sier nesten alltid ja til å stille opp i debatter, frokostmøter og i media. Han er dyktig og troverdig i møte med erfarne, taleføre politikere. Hans faglige vurderinger blir lyttet til, og argumentene blir framført på en troverdig måte som kan bli forstått av folk flest.»

Når dei unge

Juryen legg også vekt på klimaforskaren sine evner til å få fram og inspirere dei unge:

«Han er særlig fornøyd når han kan løfte fram yngre forskningstalenter og formidle gode forskningsresultater. At masterstudentene ved Geofysen oppretter klimastiftelsen «Om i morgen» er bare en forlengelse av tankegangen» skriv juryen i si grunngjeving. 

Kunnskapsbasert informasjon, ikkje aktivist

Prisvinnaren sjølv er ikkje uventa glad for rosen frå kollegaene sine på fakultetet.

– Det er alltid kjekt å sjå at andre legg merke til og verdset den innsatsen ein gjer, og for meg heng MatNat sin formidlingspris veldig høgt. Både fordi eg meiner at formidling er ein viktig del av det me som universitet skal gjere, særleg i ei tid då samfunnet ser ut til å endre seg i eit stadig raskare tempo, men også fordi eg veit det er fantastisk mange gode formidlarar ved dette fakultetet, seier Furevik.

– På akkurat dine felt er det gjerne ekstra viktig å vera ein god formidlar. Kva er det viktig for deg å legga vekt på? 

– Eg veit ikkje om formidling frå mine fagfelt, som er atmosfære, hav og klima, er så veldig forskjellig frå andre felt. Men det er klart at det er veldig mange som er interessert i vêr og klima, og som bokstaveleg tala lurer på alt mellom himmel og jord. Dette gjer det til eit veldig takknemleg felt å formidle. Samstundes er klimafeltet blitt veldig polarisert, ikkje minst når det gjeld behov for å få ned utslepp av klimagassar, slik at ein må vere førebudd på at det kan  gå nokså heitt for seg i kommentarfelta. Det som er viktig for meg er at det eg formidlar skal vera kunnskapsbasert, samstundes som eg prøver å ha ei tydeleg stemme i samfunnsdebatten. Eg ønsker ikkje å bli oppfatta som aktivist, men det krev balansekunst og det er sikkert ikkje alltid eg lukkast.

Bodskapet er klart

– Har du eit spesielt bodskap du vil nå fram med?

– Det spørs litt kven eg snakkar til. Eg synest at det me arbeider med på Bjerknessenteret er utruleg spennande, og dette prøver eg å få fram, særleg når eg snakkar til dei unge eller på ulike vis bidrar i media.  Dei fleste foredraga eg har halde dei siste åra handlar om korleis klimaet endrar seg, og her prøver eg alltid å avslutte litt optimistisk sjølv om det kan sjå litt dystert ut underveis. Heldigvis har dette blitt lettare i det siste, for det er veldig mange piler som no peikar i rett retning. Bodskapet er klart, anten eg deltar på samlingar i regi av Grøn Ungdom eller i podcast-sendingar til Equinor – det haster med å få til reell omstilling.

– Er det særskilde målgrupper du helst vil nå?

– Eigentleg ikkje. Eg har alltid vore interessert i å nå ut til dei unge, og prøver derfor å seie ja til skuleklassar, studentorganisasjonar, miljøorganisasjonar og ungdomsparti. Men eg held også veldig mange foredrag på senioruniversitet, og har vel vore innom dei fleste her i Bergen og nabokommunane.  Dei siste åra har eg brukt meir tid nasjonalt, både i media og på ulike andre debattarenaer.  Det er både fordi kunnskapen dermed kan nå ut til fleire og ha større effekt, men også fordi det har gitt Bjerknessenteret ein meir synleg plass i samfunnsdebatten, som igjen har vore med på å sikre vidare finansiering av senteret.

Tre gode råd for formidling 

– Kva er ditt beste råd til andre som vil formidla godt?

Eg prøver meg på tre gode råd: 

1) Bruk tid på formidling. Det gir kunnskapen du har større verdi, det gjer deg til ein betre forskar og undervisar. 

2) Bruk ikkje (for mykje) tid på kommentarfelt i aviser eller i sosiale media. Her er det som regel mykje rart .

3) Bruk dei ressursane som du har rundt deg. La andre studentar eller kollegaer lese gjennom og kommentere før du sender ein kronikk eller eit debattinnlegg. Meld deg opp til eit formidlingskurs. Bruk dei tilsette på kommunikasjon.

På Bjerknessenteret arbeider me målretta med alt dette, og eg har mykje å takke vår kommunikasjonsleiar Gudrun Sylte for.