Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

"Det går jo en linje fra Armauer Hansen til Elin og Petra!", seier Klimaninja i utstillinga. Her med Elin Darelius (til venstre) og Petra Langebroek under opninga av "Smarte bergensere?" Foto: Gudrun Sylte

Følg Klimaninja på byvandring

På Bryggens museum eit halvt år framover, har KlimaNinja fått rolla som utstillingsguide. Utstillinga tar deg med på byvandring blant kunnskapsrike bergensarar frå 1200-talet og fram til i dag – fram til kontoret til professor Elin Darelius på Geofysisk institutt.

Body

Historia om Klimaninja starta i 2016, då Petra Langebroek, forskar ved NORCE og Bjerknessenteret skulle på feltarbeid i ein månad på Grønlandsisen. For å fortelle heim til sine to små søner, lånte ho ein med seg ein liten Lego Ninjago-figur. Resultatet vart ei fortelling om livet som forskar på isen. Då hennar kollega professor Elin Darelius eit par år etter skulle på eit langt tokt til Antarktis, fekk ho også med seg den vesle Klimaninja. 

Elin Darelius og Lea Chiche
Besøk Elins kontor på Bryggens museum! Her er Elin Darelius med dotter si Lea Chiche. Foto: Gudrun Sylte

I dag har det blitt tre magasin med Klimaninja-fortellingar om forskning på Grønlandsisen, i djupet under isbremmane i Antarktis og i djupet av dei norske fjordane.

Det er denne Klimaninjaen Bryggens museum har tatt tak i og bygd vidare på i fortellinga om forskning i Bergen.

I utstillinga kan ein vandre fram gjennom tidene, frå den tidlege juristen Audun Hugleiksson, som skapte den første Landslova saman med kong Magnus lagabøte. Du kan møte Absalon Beyer og Erik Pontoppidan, og kikke på rektor Arentz’ historiske tabellar over nedbørsmålingar frå 1760-talet, Armauer Hansen og Christies oppretting av Bergen museum -  før ein får eit blikk inn i den moderne forskingas tid og professor Elin Darelius’ kontor i Geofysisk institutt.

Alt med følge historiske tablå bygd i lego av legokunstnaren Birgitte Jonsgard.

Birgitte Jonsgard
Birgitte Jonsgard sine private legoverk er ein del av utstillinga. Museet utfordrar også besøkande til å bygge verk som kan hende også får plass i monteret? Foto: Gudrun Sylte 

Utstillinga «Smarte bergensere?» er ein del av Bymuseet sitt 150-årsjubileum for Armauer Hansen og oppdaginga av leprabasillen.  Utstillinga står til 10. mars 2024.