Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Siberian wildfires within the Arctic Circle, Sakha Republic, Russia (Lat: 67.58842, Lng: 136.76119) - May 18th, 2020. (Photo: Pierre Marcuse, via Creative Commons BY-2.0)

Dobbel trøbbel i Sibir: Heitebølgje pluss karantene

I Sibir er mai-temperaturen 12 grader over normalt. Dei sørlege delane av Sibir opplevde temperaturar målt til 35 grader C.  Den unormale varmeperioden i det nordlege Russland har pågått sidan januar, skriv Igor Ezau. 

Body

Skriven av Igor Ezau, forskar ved Nansensenteret og Bjerknessenteret.

Høg lufttemperatur i sumarlege heitebølgjer kan påverke dødstal mykje. Bybebuarar er spesielt sårbare, ettersom bygningar og såkalla «street canyons» (gater flankert av høgare bygningar), fangar og held på varme lengre. 

Eit teikn på vår notidige globale oppvarming er at heitebølgjer har blitt sterkare og fleire dei siste åra. Heitebølgja i Moskva i 2010 dobla dødsraten for den russiske hovudstaden i forhold til gjennomsnittstalet.

Overskotsdødsfall blei også rapportert etter heitebølgjene i 2003, 2018, 2019. Sumaren 2020 er no på veg med nye temperaturrekordar.

12 grader over førre mairekord

Denne veka er Sibir arenaen for rekordar. Sjølv nord for polarsirkelen, er temperaturen målt til 25 plussgrader over snødekt tundra – over 12 gradar høgare enn den førre rekorden for mai i Norilsk og Igarka. Uvanleg tidlege brannar er observerte.

Samtidig ser sørlege regionar i Sibir temperaturar over 35 grader. Heitebølgja fortset den varme temperaturanomalien som har holdt på sidan januar 2020.

Den tidlege heitebølgja treffer fleire storbyar som er i lockdown grunna sterke russiske karantenetiltak. Det er vanskeleg å sitje i isolasjon i små overoppvarma leielgheiter, sjølv utan begrensingar på transport og reise. Om brannane blir like store som i 2019, forsterkar også kvelande røyk helserisikoane. I den noverande situasjonen kan slike drastiske svekkingar av levekårsstandard auke dødstala i området.

Kart over globale temperaturavvik april 2020
Globale temperaturavvik i april 2020 over land og havoverflata. Figur frå NOAA