Bjerknessenteret for klimaforskning er et samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Uni Research, Nansensenteret og Havforskningsinstituttet. 

Andreas Born er i Bergen for å delta på  årsmarkeringa til Bergen Forskningsstiftelse og den offisielle tildelinga i rekrutteringsprogrammet.  Foto: Gudrun Sylte

Andreas Born flytter tilbake til Bergen

Seks år etter han tok doktorgraden her, er klimaforsker Andreas Born blant forskertalenta som får gullkanta støtte frå Bergen Forskerstiftelse. ​

Fem unge forskarar får totalt 103 millionar norske kroner i årets tildeling i rekrutteringsprogrammet til Bergen Forskningsstiftelse. 

Ein av dei fem er Andreas Born, som i dag er forsker ved Universitetet i Bern Sveits under professor Thomas Stocker. I 2010 Born disputerte for doktorgraden med avhandlinga ”Ocean circulation and climate at the Eemian and last glacial inception” ved UiB og Bjerknessenteret, med rettleiing ved Kerim Nisanciolgu.

Ny forskningsgruppe for iskapper

Når han no kjem tilbake til Bergen, vil Andreas Born etablere ei ny forskningsgruppe rundt iskapper og klimadynamikk ved Institutt for geovitskap

– Støtten frå BFS gir ei unik sjanse til å utvikle ein varig verdi både for instituttet sjølv, så vel som for det vitskaplege samfunnet. Støtten gjer det mogleg for gruppa å sjå det store biletet og legge vekt på prosjekt som ser lengre enn neste publikasjon eller neste leveranse. Ei målsetjing er å bygge eit nytt forskingsverkty som opnar for eit nytt interdisiplinært samarbeid mellom iskappemodellering og forskarar i feltarbeid på isen. Tilsvarande samarbeid til dømes mellom havmodellering og fortidsoseanografi har vore svært fruktbart for vår forståing av havet. Mangelen på slike metodar har forhindra liknande suksess i glasiologi, og er ei av årsakene til kvifor framtidige havnivåendringar er meir usikre enn naudsynt, seier Andreas Born. 

Med andre ord skal han utvikle ein ny type isdekke-modell som nyttar seg av rekonstruksjonar av isdekket på Grønland, samstundes som modellen tek omsyn til fysikken i korleis isen flyttar seg.

God balanse mellom familie- og arbeidsliv 

Etter seks år i Sveits, vil Andreas Born flytte familien sin tilbake til Bergen. Ei vanskeleg avgjerdsle å ta, som også vart vurdert opp mot fleire andre jobbtilbud. 

– Valet av Bergen og Noreg er at vi får ein fin balanse mellom familie- og arbeidsliv. Bergen er ein vakker by for barn samstundes som vi har høve til å gjennomføre våre personlege og profesjonelle ambisjonar. Etter fleire år som postdoktor, er sikkerheten og langtidsperspektivet som BFS støtten gir ein viktig faktor, seier han. 

Han legg samstundes vekt på arbeidsforholda ved UiB og Bjerknessenteret:

– Det er ein framifrå ekspertise ved geovitskap, og breidda av forskingsaktiviteten ved Bjerknessenteret er også svært viktig for at eg no kjem tilbake, seier Born.