Hopp til hovedinnhold

Ninjalego har landa på Grønland

Kva gjer ein om ein skal på feltarbeid i fire veker og har to små barn heime? Tar med litt lego, sjølvsagt.

Publisert 21. juni 2019

Skrevet av Gudrun Sylte

Herculesflyet har landa på Grønland. Følg EastGRIPninja på feltarbeid her.

Herculesflyet har landa på Grønland. Følg EastGRIPninja på feltarbeid her. 

I sumar vart ein legoninja overmanna av ein legoforskar. Ettersom legoforskaren var på veg til feltarbeid høgt oppe på Grønlandsisen, vart legoninjaen pent nøydd til å vere med.

Her kan du følge forskinga dei kommande vekene

Petra Langebroek er klimaforskar i Norce og Bjerknessenteret. I løpet av dei fire vekene oppe på isen, skal ho og kollegaene hennar smelte is som dei hentar opp får djupet. For å vise arbeidet og kvardagen sin til dei to sønene sine heime i Bergen, lagar ho legobildeserie frå livet på isen.

I smeltevatnet måler ho variasjonar av oksygenet i isen, oksygenisotopar. Dette er ein måte å finne ut kva temperaturen var då denne isen fall som snø på toppen mange tusen år tilbake i tid.

Arbeidet føregår i huler under isen, der temperaturen er som i ein fryseboks. Her oppbevarer dei iskjernene, og har laboratorium der dei kan jobbe uavhengig av temperaturen oppe på overflata.

I løpet av fire år har forskarane på forskningsstasjonen EastGrip bora seg 2000 meter ned i den tjukke iskappa, to meter om gongen, år etter år. Målet er å komme heilt til botn, 2550 meter ned.

Det mørke laget i iskjernen på bildet inneheld oske frå eit vulkanutbrot, truleg på Island under den siste istida. Isen er rekna til å vere 10400 år gamal. Foto frå @egripcamp

Det er mange forskarar frå mange land og institusjonar på isen gjennom heile sommaren. Nokre jobber oppe på topplaget, og undersøker dei øverste laga, som i prosjektet SNOWISO.

Her har forskarane dei siste dagane møtt motstand i form av uventa varme utandørs, temperaturen kraup opp til nullpunktet førre veke og skapte påskeføre.