Hopp til hovedinnhold

Med Lars Monsen på Folgefonna

På NRK i helga guidar Jostein Bakke Lars Monsen oppe på den kvite snødekte nasjonalparken Folgefonna

Publisert 26. mars 2026

Jostein Bakke er professor i geologi og kjentmann på Folgefonna. I juni 2024 var han på tur med Lars Monsen og filmteamet frå NRK oppe på breen. Foto: Privat

Jostein Bakke er professor i geologi og kjentmann på Folgefonna. I juni 2024 var han på tur med Lars Monsen og filmteamet frå NRK oppe på breen. Foto: Privat

I NRK-serien Monsen & nasjonalparkene går denne helga episoden «Folgefonna – Været bestemmer», der Jostein Bakke og Lars Monsen får motbør på tur. 

Jostein Bakke er professor ved Institutt for geovitskap på UiB og Bjerknessenteret, og kjenner Folgefonna svært godt etter mange år med kartlegging av breen og terrenget under. 

I juni 2024 var Jostein Bakke på tur med Lars Monsen i tre dagar oppe på Fonna. Det vart tre dagar med mykje snø og dårleg vær. Folgefonna er vakse opp av den nedbøren som resten av Vestlandet kjenner som øspøs regn, og kan lett få store mengder snø i løpet av ein månad. 

Vart overraska då skisenteret forsvann

Om breen veks eller trekker seg tilbake, kjem an på balansen mellom mengden av ny snø og kor mykje som smeltar om sommaren. Men det er også andre faktorar som avgjer kvar isen trekk seg tilbake. Om det dannar seg vatn ved foten av isen, kan det lett skje noko. 

– Når vatnet først kjem fram, går det veldig fort, seier Bakke. 

– Vatn som dukkar opp langs kanten av breen gir ein peikepinn på kvar breen kan trekke seg tilbake. 

Eit godt døme på dette, er korleis breen ved Folgefonna skisenter kollapsa i fjor, i varmen i juli. Då Bakke var der året før, kunne ein sjå ein liten vasspegel ved foten av breen. Men fonna låg tjukk nedetter og gav ikkje teikn til stor endring. Så kom sommaren 2025. 

I løpet av ein svært varm sommar, kollapsa nær heile brearmen som skisenteret stod på. I dag står det framleis trakkemaskiner i fjellsida og kollapsa master frå skitrekket. 

– Det gjekk overraskande fort. Det såg ikkje ut til at det skulle utvikle seg så raskt, berre eitt år før. Men det som skjer når brearmen flyt på vatn, er at den byrjar å kalve. Då kan det gå fort, seier Jostein Bakke. 

Avkutta brearm 

Jostein Bakke viser ein dronefilm frå august i fjor. Øvst oppe i lia ser ein taggete fjell som stikk opp før ein kjem opp på Folgefonna bakom. Dei taggete steinlinene er det som gjer at det no ser vanskeleg ut for skisenteret. 

GIF med dronefilm frå skisenteret

Breane ligg nemleg ikkje i ro, dei flyt utover i sakte fart, kryp utover landskapet og ned i dalar. 

For skisenteret sin del, vil fjellet som no stikk opp øvst i dalen kutte av brearmen mellom fonna og skisenteret, brearmen får ikkje lenger tilført is frå breen. Når det først er smelta såpass mykje tilbake, skal det svært store mengder snø til før fonna veks seg stor att og kan flyte ned til skisenteret att. 

Lagnaden til skisenteret er eit markant døme på korleis Folgefonna trekker seg tilbake i dag, likt med andre brear i verda.


Bre ute av likevekt 

– Når det blir danna brear, er det i eit område der det fell meir snø om vinteren enn det smeltar om sommaren. For kvar vinter samlast det meir og meir snø, som vert pressa saman og blir til is. Breen er altså samanpressa snø, fortel Rebekka Frøystad. 

Ho er doktorgradstipendiat ved UiB og Bjerknessenteret. Hennar doktorgradsarbeid er konsentrert kring Folgefonna, med Bakke som medrettleiar.

Ho peiker på at ein bre er i likevekt når det fell like mykje snø om vinteren som det smeltar is nede i dalane om sommaren. 

– Breane vaks fram i kuldeperioder der det smelta mindre om sommaren enn det fall snø på vinteren. Men i dag er det omvendt, balansen har tippa til varmens favør. Om me ser på temperaturen tilbake til 1800-talet, ser me temperaturendringar som er mykje større enn dei som skapte den vesle istida, då dei norske breane sist vaks og bredde om seg, seier Frøystad. 

Sjå utviklinga til Folgefonna i løpet av dette århundret: 
 

Animated GIF

Animasjonen viser utvikling av Folgefonna  modellert på data i  framtidsscenario basert på moderate utsleppscenario (rcp4.5). Det kvite feltet viser kvar ein har snødekke, lyseblått viser blåis, der snøen er smelta vekk. Animasjonen skal til fagfellevurdering og er laga av Rebekka Frøystad saman med kollegaer Konstanze Haubner og Andreas Born. 

– For å ha ein sunn bre, bør ein ha eit godt dekke av snø. Folgefonna kan overleve dersom vi holder oss under to grader oppvarming. Om vi får en oppvarming på fire grader, kan Folgefonna smelte helt bort om bare 150 år, sier Frøystad og peker på at det er over 400 meter med is som må smeltes bort – det vil ta tid. 


Følger med på Fonna 
Når Jostein Bakke granskar dagens satellittbilete av Folgefonna, ser han langs kantane av breen, stader der breen endar i eit vatn. 

Dette er typisk stader der breen kan kalve og trekke seg raskt tilbake. 

Slike område langs brekanten oppe i fjellet over bygdene langs Sørfjorden, er noko ein bør følge med på. Om breen kalvar i eit vatn og skapar bølgjer som skvulpar ut over fjellsida, kan det vere lite heldig for folk langs fjorden.  

Les meir om breane i faktaarket Breen som klimaindikator

Norske breer

  • I Norge er det 2534 breer (ikke medregnet Svalbard), fordelt på 1252 i Sør-Norge og 1282 i Nord-Norge. Det totale bredekkede areal utgjør 2692 km2,
    eller omtrent 0,7 prosent av Norges areal.
  • Jostedalsbreen er Norges største bre og den mest stabile, men mange av dens utløpsbreer smelter raskt.
  • Briksdalsbreen har ikke vært mindre siden 1400-tallet.
  • Brenndalsbreen rykket frem hele 4,5 kilometer mellom 1650 og 1700. I 1743 omkom flere personer etter at store isblokker løsnet fra breen.
  • I forbindelse med tilbakesmeltingen av isbreene kan det dukke opp historiske gjenstander. Sommeren 2006 ble det funnet en 3400 år gammel lærsko på Lomseggen, den eldste som er funnet i Norge.
  • Mindre snø og is medfører at jordoverflaten absorberer mer varme, noe som kan forsterke den globale oppvarmingen.
  • I fremtiden vil om lag 40 prosent av jordklodens innbyggere bli påvirket av smeltingen av snø og breer. Innbyggere i deler av Asia som er avhengig av smeltevann fra Himalaya, er særlig utsatt.

Været på Folgefonna viste seg frå den vrange sida, men det vart tur. Foto: Jostein Bakke

Referanser