Hopp til hovedinnhold

Kari Elisabeth Kaski blir ny styreleiar for Bjerknessenteret for klimaforsking

Faktabasert formidling og tillit til forskninga, er noko Kari Elisabeth Kaski ser fram til å vere med å løfte som ny styreleiar.

Publisert 16. mars 2026

Kari Elisabeth Kaski blir ny styreleiar på Bjerknessenteret for klimaforskning. Foto: Marius Nyheim Kristoffersen, Sosialistisk venstreparti via Wikipedia

Kari Elisabeth Kaski blir ny styreleiar på Bjerknessenteret for klimaforskning. Foto: Marius Nyheim Kristoffersen, Sosialistisk venstreparti via Wikipedia

- Vi er glade for at Kari Elisabeth Kaski blir den nye styreleiaren for Bjerknessenteret. Som tidlegare stortingsrepresentant og SVs finanspolitiske talsperson, i tillegg til hennar tidlegare roller i miljøstiftelsen Zero, meiner vi at Kaski har ein substansiell bakgrunn til rolla som styreleiar for et av dei største klimaforskingsmiljøa i Europa. Ho kombinerer lang og brei klimafagleg politisk erfaring med økonomi- og styringskompetanse, et godt nettverk mot beslutningstakarar, samt nyttig erfaring med å formidle forsking og kunnskap til politikk- og samfunnsliv. Vi gler oss til å ønske Kaski velkomen, seier Margareth Hagen, rektor ved Universitetet i Bergen, som er vertskap for Bjerknessenteret for klimaforsking

Kaski vart utnevnt som styreleiar i Universitetsstyremøtet 12. mars. 

Kari Elisabeth Kaski legg vekt på at formidling av faktabasert kunnskap er grunnleggande for å kunne ta sikre og gode val for framtida.
 
– I ei tid som no, når både klima og forskning er under press i andre deler av verda, er det et ekstra viktig å sikre tilliten til og finansiering av forskning, seier Kaski. 

Ho tek over for Rebekka Borsch som var styreleiar frå 2023. Borsch er tilsett som ny strategidirektør i NORCE, som er ein betydningsfull partner i Bjerknessenteret.

Kari Elisabeth Kaski var fram til i fjor stortingsrepresentant for SV på Stortinget. Med lang fartstid frå finanskomiteen på Stortinget, reknar ho seg likevel som ein klimapolitikar, med bakgrunn frå Zero og Natur og Ungdom.

I dag handterer ho eit studium i samfunnsøkonomi parallelt med fleire styreverv og podcastane Kaski og Kalle og Aftenpodden Politikerne. Når ho no tar fatt på rolla som styreleiar for Bjerknessenteret for klimaforskning, blir det å starte med eit senter som står i ein ny strategiprosess. 

–– Vi ser fram til å få Kari Elisabeth Kaski med på laget. Vi er i gang med å utvikle forskinga hos oss vidare, og vi gler oss til å presentere forslag til ny strategi fram mot 2030 for Kaski og resten av Bjerknesstyret i april, seier Kikki Kleiven.