COP26: Legg fram karbonbudsjett for havet
Kvart år leverer klimaforskarar karbonbudsjettet frå heile verda. Klimamiljøet i Bergen har gjort ein betydeleg innsats for å skildra CO2-data frå havet.
Publisert 04. november 2021
Skrevet av Jens Helleland Ådnanes

HAV OG CO2: Havet tar opp like mykje av CO2-utsleppa som før, viser Karbonbudsjettet. Klimaforskarar frå Bergensmiljøa bidreg med stor innsats og store mengder data på havet i den internasjonale karbonrapporten, som viser kor mykje CO2 nasjonane i verda slepp ut og kvar utsleppa hamnar. Foto/ill.: Bit Cloud, Unsplash.com
– 2020 var eit ganske spesielt år, då gjekk utsleppa ned, seier Siv K. Lauvset. Klimaforskaren i Norce og Bjerknessenteret er ein av fleire som har arbeidd med Global Carbon Budget 2021, som vart lagt fram 4. november.
Karbonbudsjettet for korona-året 2020 viste ein nedgang i karbonutslepp verda over, på 5,4 prosent. I 2021 er vi derimot tilbake der vi starta, med like store utslepp som åra før.
– Til og med ein pandemi var ikkje nok, seier Meike Becker, forskar på Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret. Ho er ein av forfattarane i den vitskaplege publikasjonen.
– Vi ser svært tydeleg at det ikkje går nedover, legg Lauvset til.

Siv Kari Lauvset og Meike Becker.Foto: Jens H. Ådnanes, UiB
Store mengder data på havet
Karbonbudsjettet gir djup innsikt i kor mykje CO2 nasjonane i verda slepp ut og kvar utsleppa hamnar. Klimamiljøet i Bergen, UiB, Norce og Bjerknessenteret, har levert store mengder data på korleis det går med hava i verda, gjennom observasjonar og modellar. ICOS-Norway har også spelt ei sentral rolle. Ein har data som strekk seg heilt tilbake til 90-talet og med modellane kan ein rekne seg tilbake til førindustriell tid.
Karbonrekneskapet kan spele ei viktig rolle i COP26, FN sitt 26 klimatoppmøte, denne gongen i Glasgow, Skottland.
![Global fossil CO2 emissions: 34.8 ± 2 GtCO2 in 2020, 53% over 1990 Projection for 2021: 36.4 ± 2 GtCO2 , 4.9% [4.1%–5.7%] higher than 2020](https://bjerknessenteret-staging.ams3.digitaloceanspaces.com/files/Aktuelt-Faktasider-og-Prosjekter/Aktuelt/_1488xAUTO_crop_center-center_none/14664/Skjermbilde202021-11-0420kl.2010.06.31.webp)
Global fossil CO2 emissions: 34.8 ± 2 GtCO2 in 2020, 53% over 1990 Projection for 2021: 36.4 ± 2 GtCO2 , 4.9% [4.1%–5.7%] higher than 2020
Havet har sentral rolle i karbonbudsjettet
Havet speler ei sentral rolle når vi skal kutte ned utsleppa av CO2 for å nå målet om 1,5 graders oppvarming.
– Av dagens utslepp går halvparten i atmosfæren, resten går i havet eller på land, det vil seie i planter og naturen. Om det i framtida blir slik at havet tar opp mindre CO2, eller til og med gir frå seg CO2, då vert det meir i atmosfæren, og den globale oppvarminga vert større, seier Lauvset.
Endra økosystem kan endre CO2-opptak
Den globale oppvarminga endrar havet, som igjen kan endra korleis havet tar CO2 opp i seg.
– Når havet vert varmare, endrar økosystemet seg, saman med ei rekkje andre ting. Det kan endre korleis havet tar opp CO2. Vi må tilpasse oss for å nå måla vi har sett oss, og då må vi vite korleis prosessane i naturen endrar seg, seier Becker.
Enn så lenge viser karbonrekneskapet at verdas hav held seg konstante og tar opp den same prosenten av CO2 som før, fortel dei to forskarane.
– Men vi veit ikkje om havet fortset med det, eller korleis det potensielt endrar seg, seier Becker.