Understanding climate
for the benefit of society

Fire nye prosjekt får midlar av Forskningsrådet

Gratulerer til Linling Chen, Camille Li, Martin Miles og Sylvain Bouillon, som får midlar til å forske på værsystem, Grønlandsisen og arktisk sjøis.

Body

Forskningsrådet slapp i dag resultata frå årets prosjektsøknadar i Frinatek-programmet. FRINATEK er er Forskningsrådets fagkomite for matematikk, naturvitskap og teknologi. Av totalt 312 prosjektsøknadar vart 34 søknadar innvilga.

Europeisk vinterkulde
Dei siste tiåra har ein i Arktis opplevd ei sterk oppvarming, med tilhøyrande reduksjon av sjøis. Samstundes har ein i Europa dei siste vintrane opplevd ekstrem kulde over lange periodar. Både observasjonar og modellarbeid har antyda at tapet av sjøis i Arktis speler ei viktig rolle for vermønsteret om vinteren. Denne samanhengen er noko meteorologen Linling Chen ved Nansensenteret og Bjerknessenteret vil gå inn på i prosjektet ”Does the Arctic sea-ice loss have an impact on the winter weather patterns in Europe?”

Eit anna forhold som er med å bestemme været, er jetstrømmane i atmosfæren. Dette er raske vindar som er ein del av dei globale vindsystema, og som påverker været hos oss. I dei lange periodane med kaldt vinterver, har ein sett at jetstrømmane har vore blokkerte. Men kva mekanismar som igjen styrer jetstrømmane er mindre kjent. I prosjektet ”Atmospheric jet variability: linking STRucture, Evolution and Mechanisms” vil Camille Li og kollegaer undersøke dette nærare.

– Kvifor det er slik at jetstrømmane av og til vert blokkerte og kva som bestemmer dette, er ein del av dei fundamentale prosessane kring jetstrømmar som me framleis ikkje har nok kunnskap om. Me vil prøve å finne ut om dette har med sjøtemperatur å gjere, om det handlar om intern variasjon i jetstrømmane, om det er forskjellar over Stillehavet og Atlanterhavet og for eksempel kva betydning Rocky Mountains har i dette systemet, seier Camille Li, førsteamanuensis ved Geofysisk Institutt, UiB og Bjerknessenteret.

Utviklar ny sjøismodell
Isen i Arktis, både som sjøis og innlandsisen på Grønland speler ei nøkkelrolle for klima over heile kloden. Bjerknesforskarane Sylvain Bouillon (Nansensenteret) og Martin Miles (Uni Research) vil i sine prosjekt undersøke forhold høvesvis kring sjøisen og Grønlandsisen. I prosjektet SIMech (Sea Ice Mechanics: from satellites to numerical models) vil Sylvain Bouillon bruke ein ny tilnærming for å kunne modellere den arktiske sjøisen.

For første gong vil ein prøve å simulere drift og deformering av sjøisen ved å bruke korrekte fysiske mekanismar. For å sjekke om modellen fungerer som ønska, vil Bouillon kontrollere opp mot satelittobservasjonar. Den nye sjøismodellen kan ein vidare brukast til å vurdere varsling av bevegelsane i sjøisen i periodar opp til tidagar. Ein vil også kunne bruke denne modellen for å finne meir ut om drift og deformasjon og sesongvariasjonar i sjøisen.

Med utgangspunkt i dei siste åras endringar i Grønlandsisen, vil Martin Miles og kollegaer undersøke ferskvannsbeltet langs østgrønland. I prosjektet “East Greenland Ice: Constraining the Extent and Effects on the Earth’s Largest Ice and Freshwater Pathway” er det overordna målet å rekonstruere og forstå fortidsklima ved Østgrønland 10-12.000 år tilbake i tid, for å sammenlikne dagens situasjon med tidlegare varmeperiodar.