Understanding climate
for the benefit of society

Vil forstå klimamotorane

Nesten alle klimamodellar er samde om at straumsystema som sender varmt atlanterhavsvatn inn til våre kystar, vil bli svekka i framtida. No skal eit stort polarår-prosjekt finne ut kvifor det er slik.

Body

Av Kjerstin Gjengedal, På høyden 

Det kalde, tunge vatnet som fyller opp dei store havdjupa i verda, blir danna i Arktis og Antarktis. Der det søkk ned mot botnen, blir det erstatta av varmare vatn frå lågare breiddegrader, slik som Golfstraumen her hos oss. IPY-prosjektet BIAC (Bipolar Atlantic Thermohaline Circulation) skal studere i detalj dei prosessane som fører til danninga av dette kalde vatnet, og finne dei stadene der prosessen er mest effektiv.

Kaldast i verda
– I Antarktis meiner vi at vi har identifisert eit område i Weddellhavet der det mest interessante skjer, seier professor Tor Gammelsrød ved Geofysisk institutt, som koordinerer prosjektet.

Isen i Antarktis sig ned frå kontinentet og ut i havet, der store havområde er dekka av flytande isbrear. Under isen, i eit område på storleik med Nordsjøen, blir vatnet kjølt ned til ein temperatur som er lågare enn frysepunktet ved overflata. Etterpå blir det pressa ut over kontinentalsokkelen, der det deisar ned i havdjupet i stor fart. I desse områda finn vi det aller kaldaste og tyngste vatnet i verda, og her skal forskarane konsentrere innsatsen sin.

Men i Arktis er det ikkje så enkelt. Sidan nordområda er dominert av hav, finst det ingen isbrem som den i Antarktis. Djupvassdanninga er eit komplisert samspel av nedkjølings- og isfrysingsprosessar. Dessutan veit ein ikkje akkurat korleis det tunge vatnet kjem seg ned på dei store havdjupa.

Treng lange tidsseriar
I BIAC-prosjektet vil forskarane prøve å finne stader i Barentshavet der djupvassdanninga er spesielt effektiv. Det krev eit godt samarbeid med russiske styresmakter, men også samarbeid med mange andre land og institusjonar.

– Det vi verkeleg har bruk for, er to ting: Lengre tidsseriar, og målingar om vinteren. Det vil vi skaffe ved å ankre opp måleutstyr på botnen som kan stå der og måle eit år eller to, før vi dreg tilbake og hentar datasetta. Ein av målsettingane med BIAC er å utvikle utstyr som kan gjere pålitelege målingar over fleire år, med minst mogleg straumforbruk, og utan å bli øydelagd av is eller trålarar, seier Svein Østerhus, med-koordinator og forskar ved Bjerknessenteret.

– Vi må vite meir om prosessane som er involverte i djupvassdanninga, og vi må kunne kvantifisere dei slik at vi kan seie kor store dei einskilde bidraga er.

Samanheng med globalt klima
Målinga vil så bli putta inn i globale klimamodellar. Vonleg vil dei gjere at viktige parametrar i modellane kan forbetrast.

– Klimamodellane byggjer på antakingar om bidrag frå dei ulike prosessane, men dei kan ikkje bryte dei ned eller beskrive dei fullt ut matematisk. Med våre resultat vil vi vonleg rette på dette, og dessutan vil vi kunne modellere på region- og finskala, fortel Gammelsrød.

BIAC skal også studere kva innverknad desse prosessane har på det globale klimaet og på CO2-opptak i havet. Prosjektperioden er på fire år, med eit samla budsjett på 52 millionar kroner. Fire doktorgrader og eit ukjend tal på mastergrader er tilknytt prosjektet.


bilde: Professor Tor Gammelsrød ved Geofysisk institutt er koordinator for BIAC-prosjektet