Bjerknessenteret for klimaforskning er et samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Norce, Nansensenteret og Havforskningsinstituttet. 

Sjå jorda slik klimamodellørane ser den

Nye Explore the Earth er ei virtuell omvisning i jordsystemet – for deg som vil lære meir om klimamodellar.

Jorda, meir enn ein stor stein i verdsrommet!

Som eit ledd i EVA-prosjektet – der forskarar utvikla den norske jordsystemmodellen, NorESM – vart det også laga eit nettverktøy som skulle vise korleis klimamodellerarar ser klimasystemet rundt seg.

Resultatet er Explore the Earth, eit læringssystem som kan fungere som supplement til bachelorstudentar, lærarar, eller andre som har ei interesse for klimasystemet, og vil lære meir om korleis jorda, havet, atmosfæra oppfører seg. Sida har i tillegg tekstar frå klimaforskarar, og ein quiz om emna.

Prosjektet finn du på Expearth.UiB.no

Les meir: Har vi riktig verktøy for å nå Paris-målene? Det var ett av spørsmålene under avslutningsmøtet til det norske klimamodellprosjektet EVA

EVA – Jordsystem-modellering av klimaforandringer i den antroposene tidsalder – er eit prosjekt der Universitetet i Bergen, NORCE, Nansensenteret, Universitetet i Oslo, Meteorologisk institutt, CICERO, og NILU har bidrege, med støtte frå Norges forskningsråd.

At EVA avsluttast betyr ikkje at utviklinga av den norske jordsystemmodellen stansar! Mykje av arbeidet glir over i arvtakaren: infrastrukturprosjektet INES