Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Formar det nye klimaprogrammet

Tore Furevik leier forskane som skal planlegge det nye klimaprogrammet til Forskningsrådet. 
 

Body

Når Forskningsrådet no skal forme det nye klimaprogrammet som avløyser NORKLIMA, er det ei brei gruppe forskarar som skal legge føringar for det nye forskingsprogrammet. Der NORKLIMA var meir naturvitskapleg, har det nye programmet også med seg samfunnsvitarar.

Men leiar for programplanutvalget er altså Tore Furevik, professor ved UiB og Bjerknessenteret, og direktør for Senter for klimadynamikk. 

– Når ein vert spurt om å leie eit slikt viktig arbeid, går det sjølvsagt ikkje an å seie nei. Ikkje fordi de ikkje er nok møter, nok flyreiser, og travel nok kvardag frå før, men fordi ein får sjansen til å vera med å forme norsk klimaforskning for lang tid framover. Og dette er ei veldig viktig oppgåve! Og eg må også legge til at eg er veldig glad for sammensetninga av programplanutvalget. Her har forskningsrådet klart å samle ei veldig sterk gruppe med både naturvitenskapeleg og samfunnsvitenskapeleg bakgrunn, og det er med spenning og optimisme eg ser fram til å ta fatt på arbeidet, seier Furevik.

Han meiner NORKLIMA-programmet sidan oppstart i 2004 har hatt stor betydning for finansiering og oppbygging av norsk klimaforsking, og dermed vore ein viktig faktor til at vi i forhold til folketal er det landet i verda som forskar og publiserar mest på klima.

– Med tanke på vår langstrakte kyst, våre værutsatte offshore-aktivitetar og klima-utsatte marine ressursar, er det akkurat der vi skal vera, i det internasjonale toppskikt!

Furevik meiner programplanutvalet speler ei viktig rolle ved å utarbeide ein foreløpig programplan som skal gje grunnlag for første utlysning i det nye programmet, og den endelege programplanen.

– Det er med stor spenning vi har venta på det nye klimaprogrammet som skal etterfølgje NORKLIMA når det vert avslutta i 2013.  I forhold til NORKLIMA vil det nye klimaprogrammet ha ei mykje breiare tilnærming til klimaforskninga, og vil inkludere alt frå grunnleggjande kunnskap om korleis klimasystemet fungerer via konsekvensar for natur, næring og samfunn til omstillingstiltak som klimatilpasning og utsleppsreduksjonar. Dette vil kreve fortsatt grunnforsking men også meir tverrgåande satsingar som  er utfordrande men også veldig interessant, seier Tore Furevik.