Bjerknessenteret for klimaforskning er et samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Norce, Nansensenteret og Havforskningsinstituttet. 

Rundt 200 kilometer nord for den arktiske sirkelen, heilt nord i Finland, finn me Pallas Sammaltunturi, ein av ICOS sine atmosfære-målestasjonar. (Foto: Konsta Punkka/ICOS)

Det er her klimagassmålingane kjem frå!

Ny fotoutstilling viser fram den ville naturen som gir oss klimadata.

Klimagassmålingar skal helst foregå utan for mykje forstyrringar frå menneska rundt. Difor er det ikkje til å kome vekk frå at målestasjonane gjerne blir satt til litt avsidesliggande delar av verda, omringa av urøyvd natur.

Det siste året har den finske naturfotografen Konsta Punkka, ellers kjend som «ekornkviskraren», på oppdrag frå ICOS (Integrated Carbon Observation System) teke bileter frå fleire av målestasjonane rundtom i det europeiske karbonovervåkingsnettverket.

Bilete frå opninga av #ICOScapes i Praha. (Foto: Andreas Hadsel Opsvik)
Interesserte forskarar beundrar kvarandre sine målestasjonar på opninga av #ICOScapes i Praha. (Foto: Andreas Hadsel Opsvik)

Den 11. september vart ei fotoutstilling med bileta opna på den tredje internasjonale ICOS-konferansa i Praha, på det Tsjekkiske Universitetet for biovitskap (CULS/ČZU).

– Dette prosjektet var ikkje berre lett. Ikkje berre måtte alt passe i timeplanen til fotografen, sa ICOS-kommunikasjonssjef Katri Ahlgren før avdukinga.

– Det måtte også passe timeplanen til forskarane!

– Eg fekk verkeleg eit innblikk i det forskarane gjer, og vitskapen dei arbeider innan, sa fotograf Konsta Punkka over videomelding, og trakk fram kor mykje han gleda seg over å kunne engasjere folk i klimaspørsmåla.

– Det er ganske spesielt å vere eit av få menneske i såpass aude områder.

Fleire av bileta er kjempa fram i ganske hardføre omgivnadar, som vist i denne korte filmsnutten:

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

A post shared by ICOS (@icosri) on

#ICOScapes syner ikkje fram alle 134 av ICOS sine målestasjonar, men representerar éin i kvart av dei 12 medlemslanda. Noreg er representert ved atmosfæremålestasjonen på Zeppelin-observatoriet i Ny-Ålesund, Svalbard. 

Bjerknessenteret er, ved forskarar frå Universitetet i Bergen og Norce, senteret for analyse av ICOS sine havmålingar – det såkalla Ocean Thematic Centre (OTC). I ICOS ellers deltek fagfolk frå Cicero, NIVA, NERSC, Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) og Bioforsk.

Utstillinga skal først visast fram i Praha, før den fram til september 2019 skal bli sendt rundt til alle medlemslanda.

Følg kampanja på internett:

Instagram: @icosri og hashtaggen #ICOScapes
YouTube: På ICOS sin YouTube channel
Twitter @ICOS_RI med hashtaggen #ICOScapes