Bjerknessenteret for klimaforskning er et samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Norce, Nansensenteret og Havforskningsinstituttet. 

Lytt til forskarar innan ulike delar av klimavitskapen. (Foto: Colourbox/Poprotskiy Alexey)

No kan du også lytte til Bjerknessenteret!

Vi startar podkast, for å fortelje frå ulike sider av klimaforskinga.

Bjerknessenteret er i tekstform, vi foreleser og underviser i levande live, og vi er på video. Vi har også vore innom podkastformatet før, deriblant gjennom UiB. Men no prøver vi oss på meir.

Innledningsvis har vi lagt ut to podkastar på Bjerknessenteret på Podbean.

Eit opptak frå «Arktis sett frå Arendal», ein paneldiskusjon om potensialet i Arktis og nordområda, med UiT-førsteamanuensis Berit Kristoffersen, Nord Universitet-forelesar og redaktør Arne O. Holm, og arbeiderpartirepresentant for Nordland, Eirik Sivertsen, ordstyrt av UiB-professor og forskingsleiar ved Bjerknessenteret, Tor Eldevik.

Vi har også lagt ut eit intervju med pollenforskar Anne E. Bjune, som snakkar om korleis ho arbeider som botanikar med fortidens vegetasjons- og klimahistorie ved å nytte planterestar som pollen, frø, blader og nåler, som ligger lagret i myrer og innsjøar.

Vi har planar for mange episodar framover – og også engelske episodar og intervju.

Inntil vidare kan den lyttast til gjennom Podbean, eller om du legg denne XML-lenka inn i ditt foretrukne podcast-lytteverktøy: https://bjerknessenteret.podbean.com/feed.xml