Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Meir forutsigbart vinterklima er viktig for mange, blant anna den norske kraftindustrien. Agder Energi, som styrer Rygene kraftstasjon, er ein av samarbeidspartnarane i klimavarslingsprosjekta våre.

Ny studie gjer vinterklimaet i Noreg meir forutsigbart

Det er mogleg å forutsjå korleis den atmosfæriske sirkulasjonen over Nord-Atlanteren vil utvikle seg det komande tiåret, viser studie i Nature.

Body

Pressemelding av Henrike Wilborn ved Nansensenteret

Forskarar frå Bjerknessenterets klimavarslingsenhet (Bjerknes CPU), ved Nansensenteret, Bjerknessenteret for klimaforsking, og Universitetet i Bergen har bidrege til ein artikkel i Nature. Resultata visar at det er mogleg å forutsjå korleis den atmosfæriske sirkulasjonen over Nord-Atlanteren vil utvikle seg det komande tiåret. Dette er viktig for å betre kunne varsle vintrane i Noreg og rundt Nord-Atlanteren.

For å kunne forklare framtida er det nyttig å sjå på fortida. Dette er sant i mange tilfeller, og forskarane bak studiet, leia av det britiske meteorologiske instituttet (UK Met Office) brukte dette prinsippet. Dei brukte klimamodellar på dei føregåande seksti åra, for å undersøke kor nøyaktig klima kan bli varsla i eit tiårsperspektiv.

Lufttrykkmønster over Nord-Atlanteren påverkar norske vintrar

Over Nord-Atlanteren endrar det atmosfæriske trykket seg i eit mønster som kallast den nordatlantiske oscillasjon (NAO). Denne påverkar vindar og stormar over området, som igjen påverkar vintervêret her i Noreg, samt i Europa og austlege Nord-Amerika. To ekstreme variantar er moglege for vintrane i desse områda: stormfull, varmt og vått eller roleg, kaldt og tørt. Ifølgje studien er det no lettare å varsle kva av desse ekstremane ein kjem nærast på gjennom eit tiår.

Figure 1: Nedbørsvariasjonar over Nord-Europa mellom 1960 og 2005. Til venstre: observasjonar (i svart) og prediksjonar (i raudt) utan justeringar. Til høgre: visar den forbetra modellen for prediksjon.
Figure 1: Nedbørsvariasjonar over Nord-Europa mellom 1960 og 2005. Til venstre: observasjonar (i svart) og prediksjonar (i raudt) utan justeringar. Til høgre: visar den forbetra modellen for prediksjon.

Forskarane undersøkte den nordatlantiske oscillasjonen ved å produsere tilbakeskuande klimavarsel (såkalla hindcasts), og samanlikne dei med observasjonar gjort i fortida. Slik kan dei tallfeste kor nøyaktige modellvarsla er.

Ein av dei viktigaste varslingane for Europa, og Noreg især, grunna vannkrafta vår, er mengda nedbør. Samanlikninga mellom dei tilbakeskuande varsla produsert av modellane (figur f, raud strek) og observasjonane (figur f, svart strek) visar at nedbøren over Nord-Europa kan varslast med høg grad av sikkerheit. Modellvarsla liknar i stor grad på dei tidlegare observasjonane.

Bidrag frå Bjerknessenterets Klimavarslingsenhet

Mange slike «hindcasts» vart produsert av ulike forskingsgrupper verda over. Dei ulike klimamodellane frå denne gruppa er del av Coupled Model Intercomparison Project (CMIP) for den komande rapporten frå FNs klimapanel (IPCC). Bergensforkarar tilknytta studien er Noel Keenlyside (UiB/NERSC), François Counillon (NERSC), Ingo Bethke (UiB), og Yiguo Wang (NERSC). 

Dei fire er ein del av Bjerknes Climate Prediction Unit ved Bjerknessenteret. Dei brukte den lokale klimamodellen, Norwegian Climate Prediction Model (NorCPM), som er ein del av CMIP6, til denne studien.

Professor Noel Keenlyside ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret. (Foto: Thor Brødreskift/UiB)
Professor Noel Keenlyside ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret. (Foto: Thor Brødreskift/UiB)

Ved sidan av den forbetra forutsigbarheiten i det nordatlantiske klimaet blir det også tydeleg at dei noverande klimamodellane undervurderar mengda nedbør (Figur e). Forskarane har funne mangelen og visar at klimamodellar kan bli gjort betre (figur f) for å forutsjå endringane over Nord-Atlanteren, og dei framtidige vintrane her til lands. 

Å varsle vintrane for dei komande åra i Noreg er no ein realitet, men klimamodellane treng stadig forbetring.

Studiens betydning: Klimaet kan bli betre varsla på kortare tidsskalaer

– Dette er eit stort gjennombrot for klimaforskinga, og for utviklinga av klimatenester i vår region. No har vi tydelege bevis på at vi kan gi informasjon om framtidas vintrar som vil vere til nytte for våre interessentar, som BKK og Agder Energi. Det vil også lede til betre modellar for langtids-projeksjonar av klimaendringane, seier professor Noel Keenlyside, leiar for Bjerknes CPU.

Erik Kolstad ved NORCE og Bjerknessenteret, som skal lede Climate Futures, et nytt SFI-senter for forskning på klimarisiko, sier: 

– Desse resultata viser at modellane no kan varsle klima på eit nivå som gjer det verdifullt for planlegging innan ei rekke sektorar, blant anna fornybar energi, landbruk og finans/forsikring. Med slike varsel kan både næringsliv og offentlig sektor bli betre rusta for ekstremvêr og potensielt utnytte periodar med gunstig vêr og klima.

Tarjei Breiteig, leiar for hydrologi og meteorologi i Agder Energi representerar ein av interessentane som studien vil påverke direkte:

– I denne studien viser forskarane at det framleis finst mykje uutnytta potensial i det å seie noko om mogleg vêr og klima det neste tiåret. For å kunne spare vannkraft i år med lite etterspørsel, og ha nok fornybar vannkraft på lager også åra etterspurnaden blir høg, er det heilt essensielt for oss å ha tilstrekkeleg informasjon om kva svingningar som kan forventast det neste tiåret. Klimaforskingsmiljøet i Bergen viser her at dei tek denne problemstillinga på alvor, og at dei ligg langt framme når det gjeld å tolke og bruke klimamodellar i praksis.

Referanse

Smith, D.M., Scaife, A.A., Eade, R. et al. North Atlantic climate far more predictable than models imply. Nature 583, 796–800 (2020). https://doi.org/10.1038/s41586-020-2525-0