Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Enkelte stader har overflateisen smelta raskt, og på stader med lite sprekker i isen blir vatnet liggande oppå – som her frå Nordvest-Grønland. Tilstanden er ikke uvanlig på Grønland, og blir kalt «imaq» – vatn over det heile. (Foto: Steffen Malskær Olsen/DMI.dk)

Plussgrader på Grønland slår issmeltingsrekord for juni

– Det er noko veldig feil når du kan arbeide i t-skjorte midt på Grønlandsisen, seier polarforskar Hans Christian Steen-Larsen.

Body

– Lufttemperaturen for dei to dagane 12. og 13. juni var tydeleg over 0 ºC. Vi har aldri målt slike temperaturar for denne tida av året før, seier polarforskar Hans Christian Steen-Larsen.

Som leiar på forskingsprosjektet SNOWISO var han på Grønland førre veke, på den internasjonale forskingsstasjonen EastGRIP. Temperaturen overraska han og teamet som jobbar på isen denne sumaren.

Den raude streken viser prosentandelen smeltande overflateis i år, satt oppimot den blå streken som er medianen for perioden 1981-2010. (Graf: National Snow and Ice Data Center, https://nsidc.org/greenland-today/ )
Den raude streken viser prosentandelen smeltande overflateis i år, satt oppimot den blå streken som er medianen for perioden 1981-2010. (Graf: National Snow and Ice Data Center, https://nsidc.org/greenland-today/ )

 

– Det er noko veldig feil når du kan arbeide i t-skjorte midt på Grønlandsisen.

– Tenk på ein iskrem

Kerim Nisancioglu, professor i klimadynamikk ved UiB og Bjerknessenteret er no på veg til EastGrip der han skal jobbe eit par veker. I helga var han bekymra for at flyet i det heile kunne lande oppe på isen:

– Dette har ikkje hendt så tidleg på sesongen før, og ein må attende til 2012 for å finne noko i nærleiken av dette. Då skjedde det i juli månad, der 97 % av overflata smelta og det låg regn på toppen av iskappa.

Han legg vekt på at sjølv om vi globalt sett har hatt ei auke på 1 ºC sidan førindustriell tid, tilsvarar dette ei gjennomsnittleg auke på 2 ºC «og vel så det» i Arktis. Førre vekes vêromslag legg slik eit grunnlag for enklare smelting av overflateisen seinare i sesongen, seier Steen-Larsen.

Forskarane Anne-Katrine Faber og Sonja Wahl, ved Universitetet og Bjerknessenteret, har måtte ty til ei hole under isen for å arbeide med og oppbevare snøprøvane frå isen. (Foto: EastGRIP)
Forskarane Anne-Katrine Faber og Sonja Wahl, ved Universitetet og Bjerknessenteret, har måtte ty til ei hole under isen for å arbeide med og oppbevare snøprøvane frå isen. (Foto: EastGRIP)

– Tenk på ein iskrem som du tek med heim i bilen din. Den overlever kanskje reisa heim, men dette aukar temperaturen på iskremen slik at den har veldig lett for å smelte seinare.

– Det vil ta lang tid før snøen på Grønland blir så kald igjen.

Raudt klisterføre på Grønland

Frå EastGRIP-stasjonen 2500 meter over havet, der det vanlegvis er rundt -20 grader på denne tida av året. (Foto: EastGRIP)
Frå EastGRIP-stasjonen 2500 meter over havet, der det vanlegvis er rundt -20 grader på denne tida av året. (Foto: EastGRIP)

Forskingsarbeidet på EastGRIP-stasjonen blir også forstyrra av den raske vêromskiftinga. Snøprøvane til SNOWISO-prosjektet, som vanlegvis kan handterast på isoverflata, må behandlast i «frysar»-holer under isen for ikkje å smelte i varmen. 

Transport til og frå stasjonen – som gjerast med fly – blir også verre, seier Steen-Larsen.

– Å lande, og ta av, blir ein vanskelegare operasjon, sidan snø som nærmar seg smeltepunktet er meir klissete. Eg er sikker på at alle som gjekk ski på årets påskeføre kjenner seg igjen.

Temperaturen vil kjøle seg ned igjen, seier han, det er trass slik vêret fungerar, men han legg til at vi no ser større avsmelting frå Grønlandsisen enn vi har sett for same tid på året i perioden 1981-2010. 

– Vi har diverre blitt «vande til» å slå slike rekordar.