Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Ved å analysere isotopane i snø eller vassmolekyl kan Harald Sodemann og dei andre forskarane finne ut kor vatnet kjem frå. (Foto: Meyer film)

Grunnforsking frå Bergen blir løfta opp som særleg samfunnsnyttig av EU

Ein supermodell som kan varsle tørke opptil eit år på førehand, og eit overvakingssystem for vatn i atmosfæren som kan finne ut kor snø kjem frå, er vurdert av EU til å ha så stor samfunnsnytte at dei har fått særleg finansiering for å bli utvikla vidare.

Body

Skrevet av Dag Hellesund for UiB.no:

UiB-forskarane Noel Keenlyside og Harald Sodemann har begge fått innovasjonsfinansiering frå EUs forskingsråd, ERC Proof of Concept. Desse midla går til prosjekt med utgangspunkt i grunnforsking, som i særleg grad vil kunne gi innovasjon og samfunnsnytte. Tildelingane er på 1,5 millionar kroner kvar.

Men prosjekta kvalifiserer òg til ytterlegare finansiering for innovasjonsprosjekt med stort potensiale, EIC Transition, som skal vidareutvikle ny teknologi slik at den kan modnast og brukast kommersielt eller på annan måte.

– Desse prosjekta kan bli svært nyttige for verda i framtida, og det er gledeleg at dei har fått støtte frå EU. Dette viser òg at det er særs viktig å satse på grunnforsking, slik at vi kan få kunnskap til å løyse framtidas utfordringar, seier rektor Margareth Hagen ved UiB.

Av 120 søknader fekk 55 finansiering, og dei to UiB-prosjekta var dei einaste norske som fekk tilslag.

Supermodell for klimavarsling

Professor i geofysikk Noel Keenlyside ser fram til å starte arbeidet med å lage ein supermodell for klimavarsling.

– Tenk på jordbruk og energisektoren. Om dei visste kva ver det blir det neste året ville dei kunne planleggje langt betre enn i dag, seier Keenlyside.

Med meir presise modellar for klimavarsling kan til dømes jordbruk og energiproduksjon møte tørke og andre variasjonar langt meir førebudde. Dersom  ein veit at det kommande året blir særleg tørt kan ein til dømes spare på vatnet i magasina, eller tømme dei meir dersom det blir ein regnfull sommar.

Professor Noel Keenlyside har fått finansiering til å lage ein supermodell for klimavarsling eit år fram i tid. Det kan gjere det lettare å varsle tørke og flom. Foto: Thor BrødreskiftFoto/ill.:  Thor Brødreskift
Professor Noel Keenlyside har fått finansiering til å lage ein supermodell for klimavarsling eit år fram i tid. Det kan gjere det lettare å varsle tørke og flom. Foto: Thor BrødreskiftFoto/ill.:  Thor Brødreskift

Ikkje alle vil vere med

Det finst mange, verdsomspennande klimamodellar i dag – i alle fall over 20 ulike.

– Men ingen modellar er korrekte, dei har alle feil. Men om du kan kombinere desse modellane kan du forbetre kva som kjem ut, forklarer han.

Med ein supermodell som samanliknar dei ulike prediksjonane, og heile tida samanliknar med kva ver som faktisk blir observert, kan ein få fjerna uriktige utslag av modelleringa, ved at supermodellen kjenner igjen feil dei ulike modellane konsekvent gjer. Det kan gi endå betre sesongvarsel seks til tolv månader fram i tid.

Ideen om ein supermodell på eit overordna nivå er ny, og kjem frå kollegaen Gregory S. Duane på Bjerknessenteret for klimaforsking.

– Men det har vore vanskeleg å overtyde forskingsgruppene som har eigne klimamodellar om å bli med. Kanskje har dei størst tru på sin eigen modell, seier Keenlyside.

Så langt har dei klart å overtyde eigarane av tre modellar til å bli med, inkludert deira eigen.

– Eg håper at dette prosjektet kan vise at vi kan levere endå betre modellar, og at vi kan demonstrere at det er nyttig, seier Keenlyside.

Finn kor snøen kjem frå med tungtvatn

Harald Sodemann er professor i meteorologi, og har òg fått ERC Proof of Concept-finansiering for å utvikle eit instrument som kan analysere vassmolekyl for å finne ut kor til dømes snø kjem frå. Ved å forstå kor molekyla i vassdampen i atmosfæren kjem frå er det muleg å finne endringar i vasskrinsløpet, noko som kan avsløre ver- og klimaendringar, slik at ein kan varsle om desse. Forskinga kan òg brukast til dømes for å finne ut kor matvarer kjem frå, ved å spore vassmolekyla i maten.

Eit vassmolekyl inneheld to hydrogenmolekyl og eitt oksygenmolekyl, og kvar av desse har fleire isotopar, der atoma har fleire ekstra nøytron i kjernen. Tungtvatn produsert på Rjukan er eit eksempel på vatn med særleg tung kjerne. Men det er òg naturlege variasjonar i isotopane i vatn, noko forskarane på Bjerknessenteret har funne ut meir om i ERC Consolidator Grant-prosjektet ISLAS. Ved å bruke denne kunnskapen kan ein ved hjelp av instrumenta Sodemann og kollegaene planlegg å byggje finne ut mykje meir om krinsløpet til vatn i atmosfæren.

Dei har allereie bygd ein prototype som dei mellom anna har testa på målingar gjort frå eit meteorologisk forskingsfly. Denne videoen viser korleis dette skjer.

– Instrumentet er viktig for å gjere målingar så fort og nøyaktig som muleg. I dag er det avgrensa kor mange prøver ein ein kan ta, og om ein kan ta ti eller tusen slike prøver er avgjerande. Dette er ei avgrensing vi kan komme forbi, og samle inn langt meir informasjon for like mykje pengar, forklarer Sodemann.

Grunnforskinga ligg bak innovasjonen

Det er første gong Sodemann har søkt om ERC Proof of Concept-finansiering, som blir rekna som innovasjonsmiddel og ikkje grunnforsking.

– Det var litt spennande, men òg litt ukjent terreng. Då gjer ein ein liten ekstra innsats for å gjere det så godt som muleg, så det blir litt ekstra sjekk før ein sender inn. Eg har mellom anna kontakta alle støttefunksjonane UiB har, slik som VIS. Det var òg viktig å trekke inn den tekniske kompetansen vi har på Geofysisk institutt, seier han.

Men Sodemann er svært klar på at innovasjon og samfunnsnytte kjem ut frå grunnforskinga.

– På eit politisk nivå blir det veldig ofte peika på at grunnforsking er bortkasta pengar. Men det som ligg bak dette prosjektet er at vi har kultivert nysgjerrigheita vår, og undervegs oppdaga noko som er nyttig for veldig mange. Grunnforsking og samfunnsnytte er to sider av same mynt, meiner Sodemann.

Han er ikkje sikker på at han vil ta prosjektet vidare til ein eventuell kommersiell fase.

– Å hente inn pengar og finne ein businessplan er ikkje akkurat mi greie. Eg ønskjer at det eg forskar på skal vere til nytte for folk, ikkje bli rik av det. Samfunnsnytten er det viktigaste, seier han.

– Viktig at forskarane ser korleis resultata kan brukast

Gottfried Greve, som er viserektor for innovasjon, satsingar og klynger ved UiB er særs nøgd med at UiB no har fått sine to første tilslag på ERC Proof of Concept-søknader. Det er dessutan dei to første søknadane av denne typen institusjonen nokon gong har søkt om, så no er tilslagsprosenten 100 prosent.

– Dette er fantastisk! Eg vil gratulere dei to forskarane med deira framifrå forsking i verdsklasse, som har gitt resultat slik at dei kan på ERC Proof of Concept-finansiering. Det er viktig at forskarane sjølv ser korleis resultata deira kan brukast, og dette kan igjen generere ny forsking. Innovasjon er ein del av vårt samfunnsoppdrag, og UiB er avhengige av at våre forskarar tar jobben med å søkje. Difor er vi no svært glade og stolte over tildelinga til Keenlyside og Sodemann, seier Greve.