Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Utmerking: Frå 1. juli vert professor Eystein Jansen medlem av det vitskaplege rådet i ERC, det europeiske forskingsrådet. Foto: Andreas H. Opsvik. 

Eystein Jansen er nytt styremedlem i ERC

ERC er forskinga sitt Champions League. Det europeiske forskingsrådet rår over ein pott på kring 13 milliardar euro i perioden 2014-2020.

Body

– Det er ei stor ære å bli med i det europeiske forskingsrådet sitt Scientific Council saman med ein rekkje av dei fremste forskarane i Europa, mellom anna folk med nobelpris, seier Eystein Jansen, professor ved Institutt for geovitskap ved UiB og Bjerknessenteret. 

Jansen har ei lang merittliste frå sin forskarkarriere. Han var forfattar i FNs klimapanel i rapport fire og fem, han var direktør for Bjerknessenteret frå oppstarten i 2002 til 2013, er visedirektør i ERC-støtta SapienCE, og har lang erfaring frå internasjonale forskningsprogram. Han har tidlegare vore med i ERC sitt panel for jordsystemforsking.  

Frå 1.juli i år trer han inn blant dei 22 medlemmene i det vitskaplege rådet i Det europeiske forskningsrådet, ERC. Dette er gruppa som avgjer prioriteringane innanfor ERC sitt budsjett, som berre i 2019 er på meir en 2 milliardar euro til utdeling til svært høgthengande forskningsprosjekt. Det vitskaplege rådet definerer også ERC sin vitskaplege strategi og arbeider for å styrke kvalitet og grunnforskinga sin plass innanfor EU sine rammeprogram for forskning, det noverande Horisont 2020 og det komande Horisont Europa.   

ERC achievements

Unik posisjon

Sidan det starte opp for tolv år sidan, har det det europeiske forskingsrådet ERC fått ein unik posisjon i verda. 

– ERC har vore ein stor suksess, dei har arbeidd uavhengig og har vektlagt ypparste kvalitet, Mange meiner opprettinga av ERC har ført europeisk forskning i leiinga på verdsbasis, seier Jansen. 

Forskningsprosjekt som vert tildelt gjennom EU er typisk svært store forskningsprosjekt med mange ressursar og samarbeid mellom institusjonar i fleire land. Ved Bjerknessenteret er det i dag 12 store EU-prosjekt i løpet mellom oppstart og avslutning, både der Bjerknesforskarar deltek og leier. 

ERC sine prosjekt som utgjer om lag 20 prosent av EU sitt forskingsprogram er annleis og fokuserer på den einskilde framifrå forskar og hennar idear. Det er stor konkurranse om desse friare forskingsmidlene og det er knytt stor prestisje til å få slike prosjekt gjennom. På Bjerknessenteret er det 8 forskarar som har fått ERC Grants, og senteret er truleg det fagmiljøet i Noreg med høgast antal tildelingar.

Første Synergy Grant i Norden

Eystein Jansen er sjølv ein av fire leiarar av det store «ERC Synergy Grant» prosjektet ice2ice, som vert avslutta i august i år. Prosjektet har gått over fem år, med ein innsats frå ERC på kring 50 millionar kroner til fagmiljøa på Bjerknessenteret, UiB og Norce. Kun tre prosent av Synergy Grant-søknadane får gjennomslag, og ice2ice-prosjektet var det første som vart tildelt Norden.  

Kring 60 forskarar frå Bergen og København har delteke i banebrytande ny forskning der ein koblar data frå Grønlandsisen med sedimentkjerner frå Nord-Atlanteren. Resultatet er fleire viktige nye funn kring samanhengar mellom sjøisen i Arktis og isen på Grønland.  

– At Eystein no går inn i ERC sin vitskapelege komité, er ei stor fjør i hatten for Eystein, for Bjerknessenteret og for Bergen, seier Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret. 

– Det er all grunn til å juble for dette. Det gir oss direkte innsyn og innverknad i ERC sine strategiar og prioriteringar, og vil kunne bidra til å løfte oss ytterlegare i den europeiske elitedivisjon.